To ministerbesøk på éi veke – og eit kvantesprang

Portrett av Sigrun Aasland smilende og ser til venstre. Har på seg rosa bluse mønstrede bluse og mørk dressjakke, lyst hår, bobfrisyre
BESØK OG LANSERING: Få dagar etter at forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland besøkte Universitetet i Søraust-Noreg, lanserte regjeringa storsatsinga si på kvanteteknologi – og USN er med. (Alle foto: An-Magritt Larsen)

Kort tid etter to ministerbesøk til USN, lanserte regjeringa storsatsinga si på ny teknologi. – Vi har viktige kompetansemiljø som kan spele ei rolle.

Det seier viserektor for forsking Heidi Ormstad. På éi veke fekk Universitetet i Søraust-Noreg (USN) besøk av både forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap). 

Kort tid etter lanserte regjeringa satsinga si på kvanteteknologi – eit kvantesprang som opnar nye moglegheiter for USN.

– Vi skal vere ein sentral kunnskapsleverandør og bidra med både utdanning og forsking som kan vere med på å løyse store samfunnsutfordringar. Vi har sterke forskingsmiljø, med tilhøyrande infrastruktur, retta mot viktige samfunnsområde. I tillegg utdannar vi kandidatar og samarbeider allereie tett med arbeidslivet, så denne satsinga passar svært godt inn i strategien vår, seier Ormstad.

LES MEIR: Dette er USNs fem strategiske forskingsområde

Vil byggje teknologifellesskap 

I kvantespranget aukar  regjeringa forskingsinnsatsen på feltet til minst éin milliard kroner dei neste fem åra. Dette kjem i tillegg til forskingssatsinga på 70 millionar kroner årleg som til saman blir 1,1 milliard kroner til kvanteteknologi.

Regjeringa vil med denne satsinga byggje teknologifellesskap der større bedrifter, forskingsinstitutt, universitet og høgskular samarbeider. Slik skal kommersielle moglegheiter utviklast side om side med forskinga.

I løpet av 2025 blir ein ny forskingsinfrastruktur etablert for kvanteteknologi, og nye forskingssenter for å styrkje grunnforsking og rekruttering.

Heidi Ormstad og Christina BRatli i halfigur ved siden av hveandre med USN-logo i tremateriale på veggen bak

Horten-ordførar Christina Maria Bratli (Ap) stilte på campus Vestfold for regjeringa, og las talen til digitaliseringsministeren under lanseringa:

– Med denne satsinga legg vi grunnlaget for framtidas næringsliv. Kvanteteknologi handlar ikkje om å gjere dagens datamaskiner litt raskare, det handlar om å løyse problem som i dag er umoglege. Å investere i kvanteteknologi i dag er like framsynt som det var å investere i internett på 80-talet. Vi kjenner ikkje alle bruksområda, men vi veit at det vil endre alt.

LES MEIR: Laboratorium og renrom på USN 

Tette ministerbesøk

Få dagar før lanseringa fekk Sigrun Aasland og Karianne Tung på kvar sine besøksdagar på campus Vestfold oppleve korleis forsking og utdanning blir kopla tett til praksis og arbeidsliv.

Forskings- og høgare utdanningsminister Aasland har ansvar for å gjennomføre politikken til regjeringa på forsking og høgare utdanning, fagskule, utdanningsstønad og andre kompetansepolitiske saker.

– Det er første gong eg besøkjer USN, og eg er imponert over det eg har sett. Universitetet har sterke tverrfaglege miljø, praksisnære og arbeidslivsretta utdanningar, og ei breidd i både utdanning og forsking, sa Aasland.

I simuleringssenteret for maritime fag fekk ministeren ta over styringa av eit skip, og klarte å leggje til kai i Horten. Ministeren fekk også ei omvising i simuleringssenteret for helse, der studentane trenar på realistiske situasjonar med avanserte dokker som reagerer som ekte pasientar.

Portrett av studentene Mathias Skaug og Ulrik Nordskog som ser rett i kamera

Studentane Mathias Skaug og Ulrik Nordskog Wiig frå bachelorprogrammet i trening, ernæring og helse presenterte utdanninga si og delte erfaringar frå studentlivet. Ministeren fekk også eit innblikk i kva studentane lærer ved estetiske fag, der ho var med på praktiske øvingar i improvisasjon.

I Forskningsparken fekk ministeren møte fleire forskingsmiljø og sjå renrom, som blir brukt i forsking og produksjon med strenge krav til reinleik. Ho fekk også høyre om suksessorganisasjonen Navier USN, og helsa på studentane som nyleg har vunne internasjonale prisar for arbeidet sitt med autonome fartøy.

LES MEIR: Studentar utviklar banebrytande teknologi

Dette er kvantespranget

Kvantesatsinga er ei nasjonal storsatsing på framtidas teknologi. Noreg skal hevde seg i det internasjonale kappløpet om kvanteteknologi.

Regjeringa aukar derfor forskingsinnsatsen på feltet til minst éin milliard kroner dei neste fem åra.

Kvanteteknologi kan revolusjonere korleis vi løyser komplekse utfordringar på område som helse, energi, kommunikasjon, logistikk og finans. På sikt vil kvantedatamaskiner kunne gi oss nye medisinar, og kvantesensorar gi oss GPS-uavhengig navigasjon.

Målet er å posisjonere Noreg i front innan kvanteforsking og -utvikling, og å sikre både næringsliv og utdanningsinstitusjonar tilgang til kunnskap og infrastruktur.

USN speler allereie ei viktig rolle i det nasjonale samarbeidet for mikro- og nanofabrikasjon – NorFab.

USN er også med i CC-NorChip, et kompetansesenter som de neste fire årene skal støtte små og mellomstore bedrifter med tilgang til avansert teknologi i Norge og Europa.