USN rir vidare på PechaKucha-bølgja

ein mann står i på scena foran publikum på Stasjonen i Tønsberg opplyst i eit lysskin som skriv Powered by PechaKucha på lerretet bak han.
FRÅ SCENEKANTEN: Visuell og lett intellektuell kveld på Stasjonen i Tønsberg.

Her finn du PechaKucha-presentasjonane frå Forskingsdagane 2020 på USN.

Under Forskingsdagane 2019 kasta USN seg på PechaKucha-bølgja og heldt to einskilde «Powered by PechaKucha»-arrangement ved universitetsbiblioteka på studiestadane våre i Drammen og i Vestfold.

I år tok vi det heile eit skritt vidare og inviterte til Forskarnatt USN: Powered by PechaKucha ute på Stasjonen i Tønsberg.

Forutan god formidling blei det servert levande musikk fra USNs musikkstudentar, og Stasjonen syta for tilbakelent stemning og alle rettar.

Forskarane som deltok representerer vidt ulike forskingsfelt, og berørte ei brei vifte av ulike tema, som til dømes søvn, stordata og biogass.

Alle presentasjonane blei filma, og du finn dei i denne spelelista på YouTube, saman med presentasjonane frå 2019.

Du kan sjå arrangementet i sin heilskap her:

Lynpresentasjonar

PechaKucha er ein form for «lynpresentasjon» som kom til verda i 2003 som følgje av at ein gruppe designarar og arkitektar hadde gått lei av trøyttande, unødig lange og lite inspirerande presentrasjonar, fulle av keisame modellar og kalkylar.

PechaKucha er japansk og tydar «lyden av folk som snakkar». Det kan også omsettast til «snikk-snakk», sjølv om det kan vere tungt misvisande, da PechaKucha ofte nyttast til å formidle komplekse tema, men gjerne på eit lettfatteleg og engasjerenda vis.

Leis meir om PechaKucha og 20x20-formatet (pechakucha.org)

20 gangar 20

I ein PechaKucha-presentasjon må ein avgrensa seg til 20 lysbilete, og lysbileta  avløyser einannan automatisk kvart 20. sekund. Dermed har ein totalt seks minutt og 40 sekund på å kome seg gjennom presentasjonen sin, noko som borgar for raske, poengterte og lettbeinte framsyningar.

Lysbileta som nyttast er fri for kulepunktar, tekst eller modellar. Det er godt rom for humor og retoriske grep som held tilhørarane fengsla.

I dag er PechaKucha eit verdsomspennande fenomen innan eit vell av fagfelt, og har blitt populært, særleg blant unge forskarar.

Årets PechaKucha-presentasjonar på USN