Ver grei!

I kampanja "Be nice" har USN valt å illustrere med frukt og grønt.
I kampanja "Be nice" har USN valt å illustrere med frukt og grønt.

USN ønsker gode haldingar blant studentar og tilsette. Det skal vera stor takhøgde for diskusjon og debatt, men me skal behandle kvarandre med respekt.

USN skal vera ein god stad å studere og jobbe for alle. Ord som medmenneske og toleranse passar fint i taler ved festlege høve, men kva hender i kvardagen? Det er jo der liva våre levast. USN har starta opp kampanja "Be nice" for å skape eit godt studie- og arbeidsmiljø for å få oss til å tenke på kva eit godt studie- og arbeidsmiljø er.

- «Be nice»kampanjen er viktig fordi det handlar om menneskelege relasjonar. Mange studentar kjenner seg aleine eller utanfor i studietida. Difor er det spesielt viktig at me tek vare på kvarandre. Eit positivt og inkluderande studentmiljø er noko me alle er ansvarlege for. Dette er noko me alle kan nyte godt av. Let’s all be nice, seier Elin Gravningen, som er leiar for Studentdemokratiet i Søraust-Noreg.

Skal bli sett av dei tilsette

Kampanjen handlar om å gjera oss bevisste i kvardagen. Korleis møter me kvarandre i alle dei augeblinka som gjer ein dag, ei veke, ein månad og eit år på USN? Stadig fleire studentar i Noreg slit med den psykiske helsa. Årsakane er mange, og kan også handle om livet før studia starta. Gode vener i studietida kan vera ei hjelp, eller å bli møtt og sett av dei tilsette på universitetet. Styret ved USN har sagt tydeleg frå om at verdiane våre tek utgangspunkt i at kunnskap skal gje mot til å satse og kraft til å vakse. USN bygger verksemda på prinsippet om likeverd og likestilling. Alle former for diskriminering og usakleg forskjellsbehandling skal motarbeidast. Tilsette i USN skal ha ei høfleg og respektfull omgangsform i møte med både eksterne samarbeidspartnarar, kollegaar, leiarar og studentar.

- «Be nice»kampanjen skal minne oss på korleis me saman kan bidra til at USN er ein god stad å vera student. At me har eit student- og arbeidsmiljø som fremmer tryggleik og trivsel, både for seg sjølv og andre. Arbeidsmiljøet ved USN pregast av respekt for individet. Diskriminering, mobbing, og trakassering skal ikkje tålast, seier personal- og organisasjonsdirektør ved USN Elisabeth Ernø Borhaug.