Avspark for USN sitt første Senter for fremragende utdanning

Tre studenter i simulatoren.

I 2019 vart USN vertsinstitusjon for sitt aller første Senter for fremragende utdanning (SFU) innan maritim simulatorbasert læring. Pandemien har lagt nokre bremser, men i førre veke samla alle samarbeidspartnarar seg digitalt for å gje det eit skikkeleg avspark.

– Eit viktig mål for SFU-ane er å få andre utdanningsmiljø til å ta i bruk kunnskap og erfaring som desse sentra har utvikla. Og de er i aller høgste grad eit utdanningsmiljø til inspirasjon og støtte for andre. Det sa statsråd Iselin Nybø under offentleggjeringa på USN sin campus Vestfold i desember 2019.

Utdanningsmiljø med SFU-status heng svært høgt og kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. 

Zoom-møte i staden for blautkake

COAST starta formelt 1. juni 2020, men måtte byte ut ei opning med blautkake og ein heildagsworkshop med eit digitalt avspark på grunn av covid-19 no i oktober. Onsdag og torsdag i førre veka deltok difor studentar, tilsette, instruktørar, industripartnarar og internasjonale partnarar i eit zoom-møte for å markere avsparket.

COAST har opphavet sitt i MARKOM2020, som har vore eit svært vellykka samarbeid om maritim utdanning mellom USN, UiT, NTNU og HVL. Det er USN-professor Salman Nazir som leiar senteret på vegner av dei fire institusjonane.

— Oppgåva vår er å vere verdas leiande leverandør av simulatoropplæring og vurderingsmetodar for maritim utdanning. Vi vil engasjere studentar, instruktørar, industripartnarar og forskarar for å forstå den maritime simulatorpraksisen i dag, identifisere hol og kome med forslag til løysingar for framtida. Dette er eit unikt høve til å gje verdsklasse standard for maritim simulatortrening og for å sikre kvaliteten på opplæring av sjøfolk, fortel Nazir.

Digital åpning av COAST på zoom.

Skal samarbeide med «heile verda»

Status som senter for framifrå utdanning (SFU) blir tildelt for 5 år med høve for forlenging i ytterlegare 5 år.  Målet er å fortsetje å løfte standardane for maritim simulatorutdanning i Noreg, som kan inspirere andre fagområde og andre institusjonar over heile verda.

Utdanningsprogrammet til USN med kopling til senteret, er: bachelor i nautikk, bachelor i marinteknisk drift og bachelor i skipsfart og logistikk.

- Dette er ein veldig spanande satsing som vi har store forhåpningar til. SFU vil kunne løfte både maritim utdanning i Norge, men gjennom spreiing av kunnskapen som kjem gjennom COAST vil det også kunne bidra i kvalitetsutviklinga av andre utdanningar der bruk av simulator er aktuelt, seier Ingvild Marheim Larsen, viserektor for utdanning, som også deltok på det digitale avsparket. 

No som senteret har opna, vil partnaruniversiteta organisere arbeidet mot leveransane og vi vil fortsetje å organisere workshops, designsimulator-eksperiment, samle inn data som involverer studentar, lærarar og forskarar på tvers av partnarinstitusjonane.

— Eg er audmjuk og heldig som saman med dette teamet får høve til å bidra i norsk maritim utdanning med støtte frå DIKU (Norsk Direktorat for internasjonalt samarbeid og kvalitetsforbetring i høgare utdanning). No vil vi samarbeide med industrien og akademia frå heile verda, avsluttar Nazir.

Senteret skal i denne femårs-perioden jobbe med fire fokusområde:

  • Overordna framlegg til plan for simulatortrening
  • Innovasjon i simulatorbasert læring og vurdering
  • Studentinvolvering
  • Organisasjonsutvikling

 

Coast logo

Centre of Excellence in Maritime Simulator Training and Assessment (COAST) vart etablert gjennom MARKOM2020 med oppdrag i å vere verdsleiande leverandør av simulatoropplæring for maritim utdanning.

Målet er at framtidas sjøfolk er så godt rusta som mogleg til å takle utfordringar i den maritime næringa med digitalisering, ny teknologi, autonome fartøy, grøn skipsfart og krevjande maritime operasjonar som stiller høgare krav til tryggleik. Simulatortrening gjev også studentane forståing av risiko og underliggjande årsaker for uønskte hendingar til sjøs.

USN er vertsinstitusjon for COAST saman med partnarinstitusjonane NTNU, Høgskolen på Vestlandet og UiT Noregs arktiske universitet.