Funksjonsmangfald i høgare utdanning på agendaen

Silje Solvang står utanfor campus Notodden med kvit stokk og førarhundd ein
PÅ CAMPUS MED MOBILITETSSTOKK OG FØRARHUND: Silje Solvang, spesialpedagogikkstudent ved campus Notodden på USN. (Foto: Kristine Kivle / Telen)

Silje Solvang studerer spesialpedagogikk og vil bli lærar. Målet hennar er å bidra til at fleire med nedsett funksjonsevne får høve til å studere. Møt ho og andre spanande gjestar når USN markerer FN-dagen for funksjonshemma 3. desember.


Ta inn over deg følgjande: Sirka 80 prosent av norske skolebygg og digitale læringsmiljø oppfyller ikkje dei tekniske krava til universell utforming (kilde: forsking.no). Samstundes: Sirka 66 prosent av funksjonshemma i Noreg fullfører ikkje vidaregåande skole og mister dermed høvet til å studere (kilde: hbf.no).

– Eg er ein av dei heldige. Eg hadde flaks og fekk den tilrettelegginga og dei fasilitetane eg trong for å fullføre vidaregåande, sjølv om det til tider var ein kamp, seier synshemma Silje Solvang (20).

Ho kom rett frå vidaregåande og tok fatt på bachelor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) i 2019. Planen er vidare masterstudiar og eit yrkesliv som lærer i skolen. 

– Eg er så glad for at eg slapp å vere ho som sto att då resten av kullet mitt drog av gårde for å ta fatt på studielivet, fortel ho.

Ein heil dag om inkludering

Silje Solvang er blant dei mange namna på plakaten når USN markerer FNs internasjonale dag for funksjonshemma 3. desember med eit ope, dialogbasert heildagsseminar om inkludering i arbeid og utdanning. 

Seminarets nøkkelpresentasjon (Keynote Speech) blir gjeven av indiske Gagan Chhabra (OsloMet.no) frå Atlas-alliansen, som jobbar internasjonalt for å fremje rettane til, og betre levekåra for, funksjonshemma. Han har avlagt doktorgrad ved OsloMet og er busatt i Norge.

Følg seminaret direkte her

DEI KJEM: Øvst frå venstre: spesialpedagogstudent Silje, Gagan

 

– Har aldri hatt det så bra

Som synshemma elev i grunnskolen, og særleg på vidaregåande, opplevde Silje Solvang at livet til tider blei unødvendig vrient: 

– Det handla i det store og heile om mangel på dugleik og kunnskap i skolevesenet når det kom til tilrettelegging. Til tider var eg heilt mållaus over korleis einskilde lærarar tedde seg og over alle åtgjerda som berre ikkje funka, fortel Solvang.

Som student har livet tatt ei ny vending:

– Eg har aldri hatt det så bra som no. Det har aldri vore noko problem for verken forelesarar eller andre USN-tilsette å imøtekome mine etterspurnadar om tilrettelegging. Terskelen for å seie frå er låg, og viljen deira til å gjere noko med det som ikkje funkar er stor, fortel Solvang, som tek utdanninga si på campus Notodden.

Målet hennar er bli lærer med spesialpedagogisk bakgrunn og undervise i skolen.

– Eg huskar godt korleis det var å ha lærarar som var heilt håplause og ei tilrettelegging som ikkje funka. Eg vil bidra til at fleire elevar får betre føresetnadar for å ikkje berre gjennomføre skoleløpet, men også at dei har det bra undervegs, seier Solvang.

Openberre utfordringar

Berre ein tredel av funksjonshemma i Noreg fullfører vidaregåande skole. Samstundes veit vi at personar med nedsett funksjonsevne har nærare fem gongar så stor sjanse for å kome seg ut i arbeid viss dei har høgare utdanning (kilde: bufdir.no). 

– På USN tek vi inkludering på alvor, og vi gler oss over å kunne bringe saman gode, engasjerte fagfolk som jobbar for å sikre rettar for funksjonshemma og skipe eit universelt utforma samfunn, noko som er avgjerande for å lukkast med gje funksjonshemma reell sjølvbestemming, seier universitetslektor Sonia Muñoz Llort.

Llort underviser i spesialpedagogikk og er samstundes rådgjever innan tilrettelegging på USN. Ho har gleda av å koordinere universitetet si markering av FN-dagen 3. desember.

– Denne dagen handlar om å vise kor viktig det er å inkludere funksjonshemma på alle samfunnsarenaer, og samstundes understreke kor viktige utdanningsinstitusjonane er når det gjeld inkludering av funksjonshemma og like utdanningstilbod til alle, seier Llort. 

Satsar på tilrettelegging og universell utforming

– Studentar kjem i alle fargar og fasongar og med alle funksjonsvariasjonar. Det kan vere ei utfordring å legge om undervisning, men viss det krevst, så er vi pent nøydd til det. Personar med funksjonsnedsettingar har sjølvsagt dei same rettane som andre, seier Thorvald Tangjerd Abrahamsen, seniorrådgjevar i avdeling for utdanning og studiekvalitet på USN og leiar av USN Tilrettelegging.

Han meiner USN har fått til ein heil del, sjølv om det er mykje som står igjen for å nå både regjeringa og USN sine eigne mål på området. 

– På USN har til dømes alle rett til å få ein individuell vurdering av behova sine for tilrettelegging. Det har vi gått i bresjen for, og i 2019 blei vi blant dei første institusjonane innan høgare utdanning i Noreg som opna for at studentane fekk individuelle vedtak om tilrettelegging knytta til studiesituasjonen deira, og vi har gode erfaringar, seier Abrahamsen.

Han deltek også i ei brei arbeidsgruppe som kartlegg korleis USN leverer i relasjon til dei regler, lovar og forskrifter som gjeld for universell utforming. 

– Universell utforming er ei utfordring for heile sektoren vår innan nær sagt alle våre våre virkeområde, frå det reint fysiske og bygningsmessige, til bruken av digitale læringsplattformar, til det reint pedagogiske og til det psykososiale. Vegen er lang, men den skal vi trø, seier Abrahamsen.

Tiltak på USN:

  • Utviklingsgruppe for tilrettelegging: USN Tilrettelegging leiar dette prosjektet, der ein studierettleiar frå kvart av dei fire fakulteta ved USN i lag med representantar frå eksamenskontoret og frå praksisfeltet. Her blir informasjon og kunnskap om tilrettelegging delt. Medlemane her er såkalla «superbrukarar», og har lokalt ansvar som ressursperson i spørsmål knytta til tilrettelegging ved sine respektive fakultet/einingar.
  • Digitalt støttemøte: Kvar fredag til fast tid kan studierettleiarar og andre tilsette ved USN bli med på digitalt møte om tilrettelegging i regi av avdeling for utdanning og studiekvalitet på USN. Hjelpemiddelsentralen er også til stade. I møta kan deltakarane stille spørsmål om generelle utfordringar og anonymiserte studentdøme – og få svar direkte.
  • Studieførebuande veker: Dette prosjektet løyser USN på oppdrag for Nav. Ideen er å la personar med oppfølging frå Nav få freiste å vere studentar, for finne ut om studielivet er noko for dei. Deltakarane får eit tre veker langt opplegg med studierelaterte aktivitetar og rettleiing, kursing og oppgåver i fellesskap. Studieførebuande veker startar opp ved campus Vestfold 27. februar 2022, og intensjonen er å avvikle studieførebuande veker på fleire av USN sine campusar i 2023.
  • Studium med støtte: I ljoset frå ein samarbeidsavtale med Nav førebur USN no oppstart av denne åtgjerda for studentar som treng støtte utover det eit universitet elles gjev. Rettleiarar blir betalt av Nav, medan USN lokaliserer dei og står for fasilitetane på campus. Konseptet har lenge vore i gang på universiteta i Agder, Bergen, Tromsø og Stavanger og har i det store vore retta mot studentar med lettare til moderate psykiske vanskar, men kan også passe godt for einskilde studentar med til dømes synshemming eller nedsett høyrsel. 

Les meir om tilrettelegging og studentstøtte ved USN

Har du spørsmål om tilrettelegging ved USN? Ta kontakt per e-post.