Koronatiltak gav ein betre barnehagekvardag for barn

Lindi Solberg med barnehagebarn
GLADE BARN: Koronatiltakene hadde positive effekter for barna i barnehagene. (Foto: USN)

Kortare tid i barnehagen, mindre grupper og same omsorgsgjevarar gav auka trivsel for barna då koronapandemien nådde Noreg.


Dei strenge koronatiltaka som vart innførte i barnehagane i vår, innebar mellom anna at barna vart haldne saman i mindre og faste grupper, og vart følgde opp over tid av dei same tilsette. Den reduserte opningstida gjorde at fleire tilsette kunne vere til stades i barnehagen samstundes.

Dei tre USN-forskarane Terese Wilhelmsen, Anna Moxnes og Anne-Line Bjerknes har nyleg presentert ein studie på kva effektar koronatiltaka hadde for barn og vaksne i barnehagane.

– Dei opplevde endeleg ein kvardag der barna vart ordentleg sette, og der det var tid til barna, seier USN-forskar Terese Wilhelmsen.

Betre kvardag for barna

71 personar frå 52 barnehagar i Viken og Vestfold og Telemark har bidrege med erfaringane sine over ein periode på tre månader i vår, frå april til juni. Funna vart presenterte på erfaringskonferansen «Hva skjedde med barnehagene våren 2020?» på Union Scene i Drammen i oktober.

LES OGSÅ: Kronikk om studien i Drammens Tidende.

Funna viste mellom anna at koronatiltaka gjorde kvardagen til barna i barnehagen betre. Små, faste grupper med dei same omsorgspersonane å halde seg til over lengre tid, gjorde at barna vart tryggare, de vart meir ro i barnegruppa og det vart meir rom for leik. Med avgrensa opningstider var det fleire tilsette til stades per barn, og tettare kontakt med barna gjorde det lettare å følgje dei opp over tid.

LES OGSÅ: Slik blir skolestarten smidigere

Framleis travle dagar

Samstundes var det travelt og krevjande å møte krava til smittevern. Barnehagetilsette kunne også rapportere om travle dagar der det ikkje var tid til pausar og møte. Den trygge overgangen frå barnehage til skole for årets skolestartarar let seg heller ikkje gjennomføre på vanleg vis.

I etterkant av nedstenginga og gjenopninga har særleg opningstidene i barnehagen blitt diskutert fleire stadar i landet.

– Erfaringane barnehagane gjorde seg i gjenopninga av barnehagane viste tydeleg at det var godt for barna med strukturelle endringar som gjorde det mogleg med fleire tilsette til stades med mindre barnegrupper over tid, seier Wilhelmsen.