USNs fyrste meritterte undervisarar

Nicolai Nyland, Jörn Klein, Hilde Larsen Damsgaard, Gerrit Muller, Kjetil Liestøl Nielsen og førstelektor Peer Sverre Andersen. Foto
MERITTERTE: (øvst frå venstre) fyrsteamanuensis Nicolai Nyland ved institutt for økonomi, marknadsføring og jus, fyrsteamanuensis Jörn Klein ved institutt for sjukepleie og helsevitskap, dosent Hilde Larsen Damsgaard ved institutt for helse-, sosial- og velferdsfag, (nedst fra venstre) professor Gerrit Muller ved institutt for realfag og industrisystem, fyrsteamanuensis Kjetil Liestøl Nielsen ved institutt for matematikk og naturfag og fyrstelektor Peer Sverre Andersen ved institutt for matematikk og naturfag.

Seks tilsette blir anerkjende for arbeidet deira med å styrkje undervisningskvaliteten ved USN og heve læringa hos studentane våre.


Meritteringsordninga handlar om å anerkjenne god undervisning på lik line med og på same måte som vi anerkjenner god forsking, seier Cecilie Enqvist-Jensen, som er prosjektleiar for merittering ved USN saman med Kine Dørum.

Alle vitskapleg tilsette på første- eller toppstillingsnivå kunne tidlegare i år – for første gong ved vår institusjon – søkje om merittering som undervisar.

Ein komité, samansett av to eksterne fagpedagogar, interne fakultetsrepresentantar frå dei fire fakulteta våre, éin student samt komitéleiar, har vurdert søknadene og er stolte over å kunne presentere dei seks første meritterte undervisarane ved USN.

Les vurderingskomiteens grunngjevingar her

– Ikkje ein undervisningspris

– Dette er ikkje ein undervisningspris. Meritteringsordninga er eit sentralt tiltak i det kontinuerlege arbeidet med å styrkje utdanningskvaliteten ved USN. Dei meritterte undervisarane blir viktige aktørar for oss, og eg set difor stor pris på at vi har fått meritterte på plass på alle fakulteta våre, seier rektor Petter Aasen.

Dei som oppnår denne statusen blir inviterte til å bli ein del av eit nettverk av meritterte undervisarar ved USN. Nettverkets rolle og funksjon vil bli forma i samarbeid med dei meritterte.

Dessutan følgjer det med ein lønsauke på 30.000 kroner i året. I tillegg mottar instituttet til den meritterte ein eingongssum på 30.000 kroner, og desse midlane blir øyremerkte til utdanningsfaglege tiltak som skal utviklast saman med den meritterte.

Kulturbyggjarar

– Hjerte og engasjement er viktige ingrediensar for å oppnå denne statusen, men minst like viktig er det systematiske og kunnskapsbaserte arbeidet som blir lagt ned over tid. Ein merittert undervisar tar på seg ei rolle som kulturbyggjar, og skal vere i stand til å formidle og grunngje praksisen sin til andre, seier Enqvist-Jensen.

Ein merittert undervisar utpregar seg med sitt gjennomgåande og tydelege søkelys på studentane si læring i all si undervisningsverksemd. Meritterte undervisarar skal også leggje ei utforskande tilnærming til grunn for arbeidet sitt med å planleggje, gjennomføre, vurdere og justere undervisningspraksisen sin for at den skal stø opp under studentane si læring så godt som råd er.

Krav og forventningar

Dei meritterte undervisarane må vise evne til å reflektere over undervisningspraksisen sin gjennom å forankre den i forsking og teori om undervisning, læring og vurdering i høgare utdanning generelt og i sitt eige fagfelt spesielt.

Dei må også kunne vise korleis erfaringar frå tiltak i undervisninga har fått konsekvensar for seinare verksemd.

I tillegg er det klare forventningar til at dei er lagspelarar som tar del i kollegialt samarbeid og deler av røynslene sine med andre.

Les meir om kriterium for merittert undervisar ved USN

 

Meritterte undervisarar ved USN

Vi er stolte over å kunne presentere dei fyrste meritterte undervisarane ved USN:


Vurderingskomiteen har vore samansett av to eksterne fagpedagogar, interne fakultetsrepresentantar frå dei fire fakulteta, éin student, og leiar for komiteen frå eDU.

Les meir om meritteringsordninga ved USN