Denne veka samla Universitetet i Søraust-Noreg (USN) tilsette frå alle lærarutdanningane til ein diskusjon om korleis framtidas lærarutdanning skal sjå ut.
Det får dei no høve til å vere med og forme.
Regjeringa vil erstatte dei 11 eksisterande planane som styrer innhaldet i lærarutdanningane, med éin felles rammeplan. Den skal omfatte barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, lærarutdanning for praktiske og estetiske fag og PPU.
Planen stiller tydelegare krav til mellom anna klasseleiing, lesing, skriving, rekning, leik og spesialpedagogisk kompetanse.
Samtidig får universiteta større fridom til å utvikle eigne modellar og studieløp.
Per-Ludvik Kjendlie, dekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap, startar dagen med å peike på at USN allereie er i gang med å tenkje nytt om lærarutdanningane. I haust starta ei forsøksordning på campus Porsgrunn, og to andre er på trappene.
– Der er vi framme i skoa. Vi har vore innovative. No skal vi sjå korleis vi kan bygge vidare på dette arbeidet og ta erfaringane inn i ein større heilskap, seier han.
LES OGSÅ: Gir USN grønt lys for lærerutdanninger med mer praksis
Ber om gull frå fagmiljøa
Uttrykket «framme i skoa» blir også brukt av Ellen Birgitte Levy, fagdirektør i Kunnskapsdepartementet, som er invitert til å halde innlegg denne dagen.
– USN er kjent for å vere tidleg ute med å prøve ut nye løysingar, seier ho. Ho rosar samtidig initiativet til eit felles seminar for alle lærarutdanningane ved universitetet.
Framfor eit fullsett auditorium med rundt 150 USN-tilsette fortel Levy om bakgrunnen for arbeidet med ein felles rammeplan.
– Vi har lytta til sektoren, som har meint at planane har vore for rigide og gitt for lite handlingsrom, seier ho.
– No er det opp til fagmiljøa å fylle omgrepa i det nye forslaget med innhald. Då ber eg dykk skape gull, oppmodar Levy.
Ho understrekar at det er rom for å vidareføre det som fungerer godt i dag. USN lukkast til dømes allereie godt med partnarskap med skular og barnehagar, og har eit godt fundament å bygge vidare på, seier ho.
Fagdirektøren nyttar også høvet til å takke for gode bidrag og stort engasjement i samfunnsdebatten om skulen.
– Det er svært viktig med bidrag frå fagmiljøa som løftar fram betydninga av kunnskap i skuledebatten. Så hald fram med det, oppmodar ho.
LES OGSÅ: Skal følelser eller fagkunnskap styre norsk skole?
I takt med utviklinga
Fleire av innspela frå regjeringa og Fellesskoleutvalet samsvarer godt med utviklingsarbeidet som alt skjer ved USN.
– Mange av tilrådingane er eit klapp på skuldra for arbeidet vi allereie har starta. Meir praktisk-estetiske fag, klasseleiing og leik er noko vi jobbar med frå før, seier Carl-Magnus Nystad, visedekan for grunnskulelærarutdanning og PPU.
Eitt døme er piloten for grunnskulelærarutdanning 1–10 i Porsgrunn. Utdanninga er utvikla i dialog med skuleeigarar og rektorar i regionen, som etterlyste meir allsidige lærarar som kan undervise på fleire trinn og i fleire fag.

No skal fagmiljøa ved USN samla gi innspel til høyringa om den nye rammeplanen.
– Vi må sikre at framtidas lærarar står på eit solid, forskingsbasert fundament. Dette er ei fantastisk moglegheit til å ta det handlingsrommet og bruke det godt, seier Tine S. Prøitz, visedekan for forsking ved fakultetet.
