• Aktuelt»
  • – Vi har eit overlappande samfunnsmandat

– Vi har eit overlappande samfunnsmandat

USN og Nav har signert ei avtale som skal gjelde for dei neste fire åra. Her er Inger Anne Speilberg, direktør for Nav Vest-Viken, Terje Tønnessen, direktør for Nav Vestfold og Telemark, og Petter Aasen, rektor ved USN, samla på campus Vestfold.
SAMARBEID: USN og Nav har signert ei avtale som skal gjelde for dei neste fire åra. Her er Inger Anne Speilberg, direktør for Nav Vest-Viken, Terje Tønnessen, direktør for Nav Vestfold og Telemark, og Petter Aasen, rektor ved USN, samla på campus Vestfold.

Dei neste fire åra skal Universitetet i Søraust-Noreg samarbeide med Nav med mål om at fleire tek utdanning og kjem seg ut i arbeidslivet.


Nav Vestfold og Telemark og Nav Vest-Viken har inngått ei ny, strategisk samarbeidsavtale med Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Avtala vart signert i Forskingsparken på campus Vestfold torsdag 3. september.

– Vi har eit overlappande samfunnsmandat, og difor har eg stor tru på dette samarbeidet, sa Petter Aasen, rektor ved USN.

Behov for fleire i utdanning og arbeid

Aasen signerte avtala saman med Terje Tønnessen, direktør for Nav Vestfold og Telemark, og Inger Anne Speilberg, direktør for Nav Vest-Viken. Dei peika alle tre på behovet for å få fleire til å ta utdanning og kome i arbeid, særlig i denne delen av landet. 

– Vi har ei rekke utfordringar i vår region. Vi har ein lav andel unge som tek utdanning, og vi har eit stort utanforskap i regionen, særskild blant unge menneske, og utfordringar med integrering, seier Aasen. 

SIGNERTE: (F.v.) Petter Aasen, rektor ved USN, Terje Tønnessen, direktør for Nav Vestfold og Telemark og Inger Anne Speilberg, direktør for Nav Vest-Viken, signerte samarbeidsavtala som skal gjelde for dei neste fire åra.

Viserektor ved USN, Kristian Bogen, deltek i prosjektet frå USN si side. Han la mellom anna vekt på rolla høgare utdanning speler når det kjem til å auke folks livskvalitet.

– Vi er to sentrale samfunnsorganisasjonar som har tildels overlappande ambisjonar og oppgåver. Kunnskap og kunnskapsutvikling er avgjerande for at folk skal få jobb og leve gode liv. Det er universiteta si oppgåve å sikre tilgang til høgare utdanning. Målet er å auke kunnskapen og få fleire i arbeid, seier Bogen. 

Nav-direktørane la òg vekt på den aukande etterspørsla frå arbeidslivet etter spesialkompetanse.

– Den store utfordringa vi ser er ei kompetanseutfordring. Vi har eit dagleg press frå arbeidslivet på å fylle det holet slik at dei får den spesialkompetansen dei treng, seier Tønnessen, direktør i Nav Vestfold og Telemark.

LES ÒG: Vil hindre utenforskap i nytt samarbeid

Varierte prosjekt

Samarbeidsavtala mellom USN og Nav gjeld frå 1. juli 2021 til 1. juli 2025. Målet med samarbeidet er at fleire skal ta del i høgare utdanning og gjennomføre studia dei starta på, og at færre skal falle ut av arbeidslivet. Det skal legges til rette for kompetanseheving for innvandrarar og vaksne som står utanfor arbeidslivet, og gjere unge godt rusta til møtet med arbeidsmarknaden i regionen.

For å få til dette, skal det mellom anna komme til nye studieprogram og etter- og vidareutdanningstilbod. Under signeringa fekk publikum ein smakebit på kva slags prosjekt partane skal jobbe med dei neste åra:

  • Professor Annett Arntzen ved USN, Katrine Marlene Wold frå Nav Vestfold og Telemark og Faten Lubani frå Globale Sandefjord orienterte om prosjektet "Arbeidsinkludering av innvandrere – økte muligheter for arbeid og entreprenørskap gjennom samhandling", som har som mål å få 1000 innvandrarar i jobb på tre år. Så langt har dei fått 340 personar med innvandrarbakgrunn ut i arbeid.
  • Førsteamanuensis Roger Kjærgård ved USN og Torbjørg Mosland Raen i Nav Vest-Viken presenterte prosjektet "Karriereveiledning for Nav-brukarar", eit aksjonsforskningsprosjekt der dei ser på korleis Nav og karrieresentra kan samarbeide om karriereveiledning for til dømes flyktningar, ungdomar og sjukemelde som står i fare for å falle ut av arbeidslivet.  
  • Thorvald T. Abrahamsen ved USN og Tone Mortensen i Nav Vest-Viken arbeidar med "Samarbeid om studiegjennomføring", som handlar om å styrke kompetansen om tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsetting. Omkring 10 prosent av studentar er heilt eller delvis finansiert av Nav, og mange av desse fullfører aldri utdanninga si.

LES ÒG: Færder og USN i nært samarbeid om helse og oppvekst

Strategisk samarbeidsavtale Nav og USN

  • avtala gjeld mellom Nav Vestfold og Telemark, Nav Vest-Viken og Universitetet i Søraust-Noreg (USN)
  • formål: fleire i utdanning og fleire som gjennomfører utdanninga + kompetanseheving for vaksne og innvandrarar som står utanfor arbeidslivet. 
  • gjere unge godt rusta til møtet med arbeidsmarknaden i regionen.
  • avtale- og samarbeidsansvarleg USN: viserektor Kristian Bogen
  • administrativt ansvarleg USN: prosjektleiar Kristin Barstad
  • avtale- og samarbeidsansvarleg Nav Vestfold og Telemark: avdelingsdirektør Trine Utzig
  • samarbeids- og avtalekoordinator Nav Vestfold og Telemark: seniorrådgjever Marion Kaasa
  • avtale- og samarbeidsansvarleg Nav Vest-Viken: avdelingsdirektør Magnar Deila
  • samarbeids- og avtalekoordinator: Nav Vest-Viken: seniorrådgjever Torbjørg Mosland Raen
  • varighet: 01.07.2021-01.07.2025