Kyrre Einar Hegg skal forsvare avhandlingen sin for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Sørøst-Norge.
Han har fulgt doktorgradsprogrammet i ledelse ved USN Handelshøyskolen.
Alle interesserte ønskes velkommen til prøveforelesning og disputas.
- Les hele avhandlingen her (lenke kommer)
Sammendrag
Eit hovudfunn er at rurale verksemder ofte opererer under strukturelle vilkår som gjer at dei samarbeider med andre organisasjonar når dei digitaliserer. I staden for å digitalisere på eiga hand, kan det vere gunstig for rurale verksemder å satse på det avhandlinga omtalar som kollektiv digitalisering.
Dette inneber at verksemdene samarbeider om å kjøpe, innføre og forvalte felles digitale
system og plattformer, utvikle felles digitalt innhald og standardisere arbeidsprosessar.
Gjennom samarbeid kan verksemdene saman utnytte digitale moglegheiter, men òg møte felles utfordringar som avgrensa ressursar, mangel på kompetanse og ytre press.
Kollektiv digitalisering kan sjåast på som eit “ruralt alternativ”. Ved å arbeide saman kan verksemdene overvinne ulemper knytte til ei rural lokalisering og oppnå digitalisering som ville vore vanskeleg eller umogleg åleine.
Slik kan kollektiv digitalisering støtte overleving og vidareutvikling av lokale verksemder og bidra positivt til lokalsamfunnet.
Samstundes viser avhandlinga at kollektiv digitalisering er krevjande og ikkje alltid lukkast. Sjølv når den er vellukka, kan den føre til nye utfordringar, mellom anna auka gjensidig avhengnad mellom organisasjonar, meir komplekse samarbeidsnettverk og tekniske og organisatoriske problem.
Avhandlinga gir fleire bidrag til forsking og praksis.
- Ho gjev ei tverrfagleg oversikt over eksisterande forsking på digitalisering i rurale verksemder, og presenterer ein detaljert casestudie av digitalisering i rurale verksemder.
- I tillegg introduserer ho eit nytt teoretisk rammeverk som byggjer på økosystemteori for å synleggjere det komplekse samspelet mellom geografi og stad, digitale teknologiar og utviklingsarbeidet til verksemder og andre aktørar.
- Avhandlinga gir også ny innsikt for verksemdsleiarar, støtteorganisasjonar og offentlege myndigheiter. Ho peikar på kompleksiteten i digitalisering i rurale område og viser korleis desse aktørane betre kan støtte og påverke digitalisering i rurale verksemder.