Vi følgjer opp forskingsfestivalen med nye interessante tema og inspirerande foredragshaldarar i fjor.
Her kan du lære noko nytt og nyttig saman med naboen, ein venn eller familie.
Opplegg:
- 20 minutt med populærvitskapleg presentasjon frå forskarar.
- 10 minutt til spørsmål og kommentarar frå salen.
- 10 minutts pause der du kan prate med sidemann og ta ein kaffi.
På torsdag inviterer vi også til forskingspub med pizza i etterkant.
Torsdag 17/9
17.30 David Isaksen: om korleis propaganda skaper og riv ned tillit
18.15 Matthias Øhra: Om tillit i skulen, mellom barn, lærarar og foreldre
18.40 Forskningspub: Vi held fram praten om tillit mellom foreldre, barn og lærar over ein pizza på Bull Inn. Vil du bli med på Bull Inn? Meld deg på her. Kjekt å vite kor mykje pizza vi skal bestille.
Vi held fram Forskingsfestivalen på laurdag 19/9. Då står dette på programmet:
13.30: Ellen Schrumpf: Om tillit mellom foreldre og barn, før og i dag
14.15: Evy Beate Stykket: Om forholdet ungdom har til dialekter
15.00: Espen Lydersen: Har vi ei oppdrettsnæring som drit i havet? Om korleis forskerane regna når dei fann ut at utslipp frå fiskeoppdrett i Noreg svarer til utslipp frå 17 millionar menneske.
