Seminaret markerer starten på Forskingsdagane, der tema i år er tillit. Arrangørane er oppmoda om å sjå nærare på tillitt ut frå ulike synsvinklar. Vi ønskjer å sjå på tillitt som no er sette på prøve i mange samanhengar, som tillitt til institusjonar, styresmakter og politikarar.
Verda er uroleg og styresmaktene vil vi skal vere førebudde på krise og krig. I dette scenariet må vi halde fast i noko som bind oss saman. Forsvarsjefen har slik sett sagt at kultur er ein del av totalberedskapen vår.
Tillit, beredskap knytt opp mot kulturvern og verdsarv på Rjukan/Notodden er tema for arrangementet.
Program
Direktør på Norsk Industriarbeidermuseum Anna Hareid ønskjer velkommen og introduserer møteleiar Maja Foss Five, kultursjef i Telemark fylke.
Innleiarar
- Mahmoud Farahmand, stortingspolitikar frå Telemark. Sit i Justiskomiteen
- Tone Cronblad Krosshus, førstelektor i drama og teater på Institutt for estetiske fag, Universitetet i Søraust-Noreg
- Hedda Lombardo, assisterande generalsekretær i Kulturvernforbundet
- Målfrid Ravnåsen Vangen, forskar utstilling og utvikling, Norsk industriarbeidarmuseum
Panelsamtale
Førsteamanuensis og leiar av forskingsgruppa Kulturarv i bruk, ved Universitetet i Søraust-Noreg, Steffen Johannessen leier panelsamtale mellom deltakarane.
