Prosjektet har som føremål å innhente oppdatert kunnskap om språk og språkleg kvalitet i mykje brukte læremiddel og digitale ressursar og verktøy i skolen, og på denne måten få meir innsikt i det skriftspråklege landskapet som elevane i dag rører seg i. Vi skal svare på to forskingsspørsmål:
- Kva læremiddel og digitale ressursar og digitale verktøy blir mye brukt, og kva språklege vurderingar ligg bak valet av desse?
- Kva kjenneteiknar den språklege kvaliteten i mykje brukte læremiddel, digitale læringsressursar og verktøy?
Avgrensing
Vi har tatt nokre val for å avgrense prosjektet:
Vi vil konsentrere oss om læremiddel og digitale ressursar og verktøy som blir mykje brukt i skolefaga norsk og naturfag. Vi vil rette undersøkinga mot læremiddel, digitale ressursar og verktøy som er utvikla for 5. trinn, ungdomstrinn og vidaregåande opplæring.
I analysen av språket elevane møter vil vi sjå på:
- Språklege eigenskapar som korrekt språk i tråd med normer for rettskriving og syntaks.
- Ordval og framstillingsform tilpassa mottakarar, mellom anna andrespråkselevar.
- Lese- og skrivestrategiar. Til lesestrategiar legg vi eit utvida tekstomgrep til grunn slik at vi også ser på støtte til lesing av multimodal tekst.
- Oppgåver som støttar lese- og skriveopplæringa.
Analysen vil også vere komparativ med ei tidlegare undersøking for Språkrådet som blei gjennomført i 2013.
Deltakarar
Desse er med i prosjektet:
Liv Cathrine Krogh (prosjektleiar) er førstelektor i norsk og norskdidaktikk. Hennar spisskompetanse i denne samanhengen er prosjektleiing og dei grunnleggjande ferdigheitene lesing og skriving, også i samband med digitaliseringa i skolen, som innføringa av generativ KI. Ho har arbeidd som lektor i grunnskolen og vidaregåande skole i til saman 17 år, og ho har ti års erfaring som prosjektleiar i offentleg og private verksemder, mellom anna tilknytt digitalisering og digitale læremiddel. Ho er ein av forfattarane bak ei ny lærebok i norskfaget for studieførebuande program.
Anne-Beathe Mortensen-Buan (prosjektmedarbeidar) er dosent i norskdidaktikk. Ho har i mange år arbeidd med læremiddelforsking og læremiddeldidaktikk, og var tilknytt det tidlegare Senter for pedagogiske tekster ved Høgskolen i Vestfold. Ho var medforfattar av rapporten Språklig kvalitet i læremidler, utarbeidd ved Høgskolen i Vestfold på oppdrag frå Språkrådet. I perioden 2022-2025 leia ho HK-dir.-prosjektet «Læremiddel og læringsressursar i klasserommet på ungdomssteget». Ho er medforfattar på læreboka Læremiddelkunnskap (2025) hos Universitetsforlaget.
Anniken Hotvedt Sundby (prosjektmedarbeidar) er førsteamanuensis i pedagogikk, og har erfaring med oppdragsforsking, både som prosjektmedarbeidar og prosjektleiar. Ho har spisskompetanse i kvalitativ metode, intervju med lærarar og elevar og tekstanalyse av styringsdokument i skolen og didaktiske tekstar til bruk i skolen. Ho har òg erfaring som lektor i videregåande skole (11 år) og har skrive læreboka Læreplaner i skolen. En innføring, utgitt i 2026 hos Universitetsforlaget. Ho deltok også i prosjektet «Kunnskapsinnhenting om læringsressurser på nynorsk» (sjå pkt. 3.11.)
Live Håberg (prosjektmedarbeidar) er universitetslektor i norsk og underviser i språkfaglege emne i lærarutdanningane og etterutdanning for lærarar. I dette arbeidet inngår undervisning i forståing av og kritisk tilnærming til læremiddel og læringsressursar. Ho har undervisningserfaring frå vidaregåande skole og har produsert innhald for digitale læremiddel. Ho deltok også i prosjektet «Kunnskapsinnhenting om læringsressurser på nynorsk (sjå pkt. 3.11) Ho har spisskompetanse på nynorsk, og er særleg oppteken av nynorsk i skolen, i lærarutdanningane og i læremiddel og læringsressursar.