Fleire kvinnelege professorar ved USN

Professor Heidi Stavrum i foajeen på campus Bø

Talet på kvinnelege professorar ved USN har auka med nær 9 prosentpoeng frå 2019 til 2022. Ein av dei 28 nyslåtte professorane er Heidi Stavrum.

Talet på kvinnelege professorar ved USN har auka frå 28,7% i 2019 til 37,3 % i 2022. I 2022 hadde USN 67 kvinnelege professorar, mot 39 i 2019.  Talet på dosentar har også auka til 12 årsverk i 2022, mot 7 årsverk i 2019.

Det nasjonale snittet på kvinner i dosent og professorstillingar er på 36,13 %, medan USN-talet er på 38,8 %. I tillegg har talet på kvinnelege førsteamanuensisar og førstelektorar auka, slik det går fram av tabellen nedanfor.

Større innverknad på fagfeltet

Heidi Stavrum fekk opprykk til professor i kulturstudiar i 2022. I ein alder av 45 år er ho ein svært ung professor med ein produktiv karriere bak seg.

Ho har teke hovudfag i kultur ved det som eingong var Høgskolen i Telemark, ho har fullført ei doktorgrad om danseband, jobba 10 år på Telemarksforsking, og starta i jobben som førsteamanuensis ved USN i 2018.

Ho har undervist både på bachelor i kulturleiing, master i kulturstudiar og doktorgradsprogrammet i kulturstudiar. Undervegs har ho også bidrege med fleire bokutgivingar og ei rekkje vitskaplege artiklar. Basert på alt ho hadde gjort, fann vurderingskomiteen Stavrum kvalifisert som professor i juni 2022.

– Eg er både glad og stolt over å ha blitt professor, og synest det var litt overveldande i byrjinga, men eg er jo framleis den same.

Som professor opplever Stavrum å få større innverknad på fagfeltet og på USN. Kva forskingsprosjekt ein søkjer på, og vel å gå inn i, er også meir opp til henne. 

– Som professor har eg større påverknad på prosjekt eg går inn i. Men eg har stor glede av å jobbe med andre forskarar og skrive artiklar saman med andre på feltet. Sjølv om akademia kan vere ein individualistisk kultur, så er eg oppteken av det kollektive. Eg hadde ikkje blitt professor utan gode medforfattarar og arbeidsfellesskap.

Solidaritet med kvinner internasjonalt

I 2017 blei det oppretta to interne kvalifiseringsprogram for opprykk til høvesvis dosent/professor og førstelektor ved USN. Det har vore gjennomført ei grundig evaluering av kvalifiseringsprogrammet for opprykk til førstelektor. Funna indikerer at programmet har vore viktig for å auke talet på opprykk.

USN har hatt ei positiv utvikling i antall ansatte med førstekompetanse dei siste 5-6 åra, og vil halde fram med å jobbe planmessig med å auke andel årsverk i førstestillingar dei neste åra, står det i Årsrapporten for 2022.

– Det hjelper å setje fokus på område ein treng å forbetre seg på. Dette er eit område som USN har hatt god utvikling på dei siste åra, og eg glad for å sjå dei gode resultata. At vi til og med passerer det nasjonale snittet på andel kvinnelege professorar er verkeleg bra, seier Tony Burner som leier likestillings- og inkluderingsutvalet ved USN.

Stavrum er oppteken av likestilling, og har alltid følt at ho jobbar i eit likestilt miljø ved campus Bø.  Hovudoppgåva skreiv ho om likestilling innan musikk og jazzfeltet, og ho har deltatt på markeringar av kvinnedagen 8. mars fleire gonger.

På heimebane er ho mest oppteken av å betre vilkåra for kvinnedominerte yrke. Både i helsevesenet og i læraryrket treng ein betre lønnsnivå og arbeidsvilkår, meiner Stavrum. Men det er ute i verda dei største strukturendringane må til.

– Å vise solidaritet med kvinner internasjonalt reknar eg som svært viktig. Stillinga for kvinnene både i Iran, Ukraina og Afghanistan, er nokre dagsaktuelle døme som er verd å kjempe for.

Tabell: Stillingskategoriar totalt og andel kvinner per 01.10.22

  

2019 

 

2020 

 

2021

 

2022

 

Stillingskategori 

Årsverk

Prosent  

Årsverk

Prosent  

Årsverk

Prosent  

Årsverk

Prosent  

 

totalt

kvinner 

totalt

kvinner 

totalt

kvinner 

totalt

kvinner 

Professor

135,8

28,7

151,1

31,3

172,7

35,2

178,9

37,3

Dosent

18,9

7,9

22,0

40,9

23,0

43,5

25,0

48,0

Førsteamanuensis

301,7

54,0

303,9

55,0

303,8

52,7

341,0

53,8

Førstelektor

112,0

55,6

112,9

55,3

125,2

57,7

127,2

61,1

Høgskuledosent

2,0

-

-

-

1,0

-

1,0

-

Universitetslektor

342,8

60,6

329,0

59,7

322,4

62,3

331,0

63,8

Stipendiat (interne)

30,8

61,8

36,0

70,1

37,8

65,6

33,5

61,2

Stipendiat 

122,8

52,3

120,45

57,9

140,5

63,4

147,3

60,3

Kva er førstekompetanse?

Professor, førsteamanuensis, førstelektor og dosent blir rekna som stillingar med førstekompetanse. USN har 179 propfessorar, 25 dosentar, 341 førsteamanuensisar og 127 førstelektorar (Tal frå DBH, oktober 2022). 

For å få førstekompetanse må ein anten ta ei doktorgrad og bli førsteamanuensis eller gjennomføre eit større vitskapleg arbeid og bli godkjent som førstelektor. Ein alternativ veg til førstekompetanse er å gjennomføre og dokumentere omfattande kunstnarisk verksemd/utviklingsarbeid.