Første kull klare for studiestad Hallingdal

NYE LÆRARSTUDENTAR: Ida Havikhagen Frydenberg (22) frå Sigdal, Silje Marie Grøv (23) frå Ål og Yasmin Noureen Aslan (20) frå Nesbyen fann kvarandre på plassen framfor det splitter nye bygget.
GLAD ORDFØRAR: Heidi Granli var både rørt og glad over å ha fått på plass studiestaden i Hallingdal, som ho og mange andre eldsjeler i lokalsamfunnet, har jobba for i over to år.
REKTOR: Pia Cecilie Bing-Jonsson talte frå scena på den aller første studiestarten på campus Hallingdal og oppmoda dei nye studentane til å ta godt vare på kvarandre.
KJENT HALLING: Artist Daniel Kvammen frå Geilo fyret opp med allsong og god stemning. – Eg var ein fyr som ville studere, men då måtte eg ut av denne dalen. Applaus for folka i dalen som har jobba for å få til dette! sa han frå scena.
USN I FJELLET: Her kan du studere midt i fjell-Noreg. Opninga av studieåret på campus Hallingdal vart markert med talar frå ei rekkje ordførarar som var glade for den nye studiestaden.
NYBYGG: Midt i Gol sentrum finn du eit flunkande nytt bygg som husar USN i tillegg til fleire lokale bedrifter og kontorplassar.
MYLDREPLASS: Første studiedag er alltid spennande. Ekstra stas er det å vere første kull ut på ein splitter ny studiestad. Studentane i Hallingdal blir kjende over ein lett lunsj.
NY KLASSE: Bjørn Ove Grønseth, instituttleiar ved USN Handelshøyskolen campus Ringerike møter nye bedriftsøkonomistudentar i eitt av klasseromma på Gol.
TEAM: Tidlegare rektor på USN, Petter Aasen, var han som fekk den første førespurnaden frå Hallingdal om høvet til å fylle "den siste kvite flekken" på utdanningskartet i Noreg. Her fortel han og ordførar på Gol, Heidi Granli, om prosessen.
DEKANAR PÅ SCENA: Per Ludvik Kjendlie, dekan for humaniora, idretts- og utdanningskunnskap og dekan for Handelshøyskolen, Hans Anton Stubberud, fortel om studiane på Gol.

Sjå bildekarusell frå festopninga på Gol.

Det var ikkje heilt sikkert kven som var mest spent denne onsdagen i Hallingdalen; lokalsamfunnet eller dei nye studentane. Denne dagen hadde dei venta lenge på alle saman.

– Det er så koseleg her! Eg har grua meg litt, men det har vore så bra, seier Inga Thon Rogne (20), som er ein del av det nye, aller første, kullet lærarstudentar som byrjar på Universitetet i Sørøst-Norge i Hallingdal.

GOL SENTRUM: Inga Thon Rogne og Anders Silkebækken er nye lærerstudenter og synes det nye studiestedet sitt virker både lunt og koselig

Odelsjenta bur ein time unna studiestaden, så for ho passar det bra med nett- og samlingsbasert utdanning. Ho har allereie møtt likesinna, som Anders Silkebækken (23), som bur på Fagernes og også er odelsgut. 

– Det er vel 50 minutt å køyre hit. Men mindre det kjem sau i vegen då, som det gjorde i dag, seier Silkebækken og ler.

LES OGSÅ: Dette er campus Hallingdal

Statsrådhelsing på storskjerm

Minister for forsking og høgare utdanning, Oddmund Hoel, hadde sendt inn ei videohelsing der han gratulerte på den store opningsdagen og sa at han gjerne skulle vore der sjølv.

– De er historiske, seier han til studentane som har valt Gol som studieplass for lærarutdanning, bedriftsøkonomi og IT.

– De kan vere med og forme denne studiestaden i ein viktig fase, og det er stas, seier han.

Daniel Kvammen på scenen på campus Gol

Statsråden trekte fram at Gol ikkje berre er eit ski- og sykkeleldorado, men også det viktigaste knutepunktet mellom aust og vest.

– Her finn vi verdiskapande bedrifter og næringsliv, skule og helsevesen og eit yrande liv i sentrum av hallingdalsregionen. Alt dette treng kompetente folk. Det treng de. Dette lovar godt for framtida for Hallingdal og for Noreg, sa Hoel frå storskjerm.

LES OGSÅ: Slik var årets studiestart på USN sine andre studiestader

Fleksibelt til fjells

Det var tett mellom ordførarkjedene då alle dei seks hallingkommunane var representerte ved opninga. I tillegg til ei rekkje andre representantar frå lokalsamfunnet, mange frå USN, og dessutan ein og annan litt forvirra fjellturist som fekk med seg konsert med Daniel Kvammen.

– I dag blir det skrive historie på Gol, proklamerte Solveig Vestenfor, regionsrådsleiar og ordførar i Ål, før ho framførte eit feirande dikt på melodi av ei gammal folketone.

– Mange vil studere til fjells i staden for i storbyen, trur regionsrådsleiaren. 

USN tilbyr også fleksible sjukepleiarstudium på Torpomoen på Ål.

Lærarutdanninga i Hallingdal startar no i år, og det er framleis ledige plassar. Utdanninga startar ikkje med nytt kull neste år, så for dei som vurderer å starte, er moglegheita no.

LES OGSÅ: Fjerning av karakterkrav gir nye muligheter.