Første verdskrigen framleis høgaktuell

illustrasjon av en kampsituasjon under første verdenskrig.
BYRJINGA PÅ SLUTTEN: Illustrasjonen viser slaget ved Amiens, som var opningsfasen av den allierte offensiven, som til slutt førte til slutten av første verdskrig. (istockphoto)

Eirik Braziers artikkel om første verdskrigen vart den nest mest lesne i Store norske leksikon førre året. – Kunnskap om første verdskrigen er sentralt for å forstå vår eiga samtid, men òg dagsaktuelle hendingar, seier han.  

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) driv utstrekt formidlingsarbeid gjennom Store norske leksikon (SNL). USN vart «medeigar» i SNL i 2019, og har stadig større fotavtrykk i leksikonet, som er Noregs største nettstad for forskingsformidling, med opptil 600 000 lesne artiklar kvar dag.

Totalt 776 artiklar i leksikonet er no skrivne av personar som er/var knytt til USN.

Dei 2326 artiklane som fagansvarlege på USN har ansvar for vart til saman lesne 3,9 millionar gonger førre året, noko som er fire prosent høgare enn i 2021.

Toppar med første verdskrigen

FØRSTEAMANUENSIS: Eirik BrazierHistorikar Eirik Brazier er ein av totalt 21 vitskapelege tilsette på USN som er fagansvarlege på snl.no. 

Artikkelen hans om første verdskrigen er lesen 190 333 gongar i 2022, noko som gjer den til den nest mest lesne av alle leksikonartiklane på snl.no førre året. Berre artikkelen om stjerneteikn vart lesen fleire gongar førre år. 

Brazier sine SNL-bidrag har gjort det skarpt i fleire år. Den same artikkelen om første verdskrigen vart den aller mest lesne av alle SNLs artiklar i 2021.

– Det er veldig hyggjeleg å sjå at så mange les og er interessert i eit tema som eg bruker mykje av forskingstida mi på. Det gir meg inspirasjon til å skrive og redigere nye artiklar, seier Brazier, som totalt har fagansvar for 28 artiklar på snl.no.

Sentral kunnskap

Han er ikkje overraska over dei høge lesartala og meiner kunnskap om første verdskrigen er sentral for å kunne forstå ikkje berre vår eiga samtid, men òg dagsaktuelle hendingar.  

– Første verdskrigen markerte eit viktig vegskilje i europeisk og vestleg historie, og har vorte referert til som ein urkatastrofe med vidtrekkjande politiske, økonomiske og kulturelle konsekvensar.  Då krigen var over i 1918 hadde dei fire keiserdømma Russland, Tyskland, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket kollapsa, og i kjølvatnet følgde nye nasjonale og etniske konfliktar, revolusjonar og krigar både i Europa og rundt om i verda. Dei som til dømes ønskjer å forstå dagens situasjon i Midtausten, kan lære mykje ved å lese meir om korleis særleg Storbritannia og Frankrike administrerte områda dei overtok frå Det osmanske riket i 1918-1919, meiner Brazier, som i 2014 var medforfattar av boka De ukjente krigerne – Nordmenn i første verdenskrig, 1914-1918 (Humanist forlag).

Brazier seier første verdskrigen også medverka til at fleire ekstreme politiske ideologiar som fascisme, nazisme, kommunisme og militant islamisme fekk gjennombrot.

– Den russiske revolusjonen i 1917 kan delvis forklarast med utgangspunkt i første verdskrig, ifølgje Brazier.

– Mitt ansvar

Han innrømmer at det er krevjande å skrive for SNL; å skulle presentere eit komplekst og omfattande tema med få ord og utan eit akademisk stammespråk. Det er likefullt verdt det, meiner han: 

– Som forskar er det mitt samfunnsansvar å formidle forsking og kunnskap til eit breitt publikum. Gjennom SNL har eg ein viktig samfunnsfunksjon der eg bidreg til å kvalitetssikre kunnskap. Det er særleg viktig i ei tid der falske nyhende og konspirasjonsteoriar får mykje merksemd i den offentlege debatten, seier Brazier.

SNL er ofte første stopp for mange studentar og skoleelevar når dei skal i gang med ei oppgåve, eit arbeidskrav, eller eksamen.

– På den måten kan ein jo også seie at arbeidet har ei stor eigeninteresse, særleg når det er tid for sensur, seier Brazier.

Statsvitar med halvannan millionar lesarar

FØRSTEAMANUENSIS: Dag Einar ThorsenStatsvitar Dag Einar Thorsen er ein annen USN-ar som skil seg ut i SNL sin årsrapport for 2022. Thorsen har ansvar for 388 artiklar, som vart lesne 1 581 743 gonger førre året.

Thorsan hamna dermed på andreplass på lista over alle SNLs fagansvarlege når det kjem til lesartal i 2022. Han vart berre slått av professor emeritus Per Erling Holck frå UiO, som er fagansavarleg i anatomi.

– Å skrive for SNL er noko som er varig, noko som dei mange lesarane kan ha glede av i fleire år. Det er verdifull formidling, fordi ein bidreg til å gjere mange menneske litt klokare. Ikkje minst blir ein tvinga til sjølv å tenkje klart når ein skal skrive, slik at dei fleste kan forstå det. Det er i seg sjølv noko å ta med seg inn i jobben som forskar og forfattar, seier Thorsen.

​​Thorsens SNL-artiklar har hatt høge lesartal over fleire år, og allereie i 2019 bikka han millionen. Her finn du eit intervju med han i den samanhengen:

Dei ti mest lesne SNL-artiklane i 2022 med fagansvarlege frå USN:
  1. Første verdskrigen er lesen 190 333 gongar, fagansvarleg er Eirik Brazier
  2. Den franske revolusjon er lesen 120 360 gongar, fagansvarleg er Kai Peter Østberg
  3. Oligarki er lesen 105 415 gongar, fagansvarleg er Dag Einar Thorsen
  4. Den industrielle revolusjon er lesen 98 979 gongar, fagansvarleg er James Godbolt
  5. Svartedauden er lesen 85 526 gongar, fagansvarleg er James Godbolt\
  6. Nazisme er lesen 78 724 gongar, fagansvarleg er Dag Einar Thorsen
  7. Fascisme er lesen 77 795 gongar, fagansvarleg er Dag Einar Thorsen
  8. Kommunisme er lesen 76 271 gangar, fagansvarleg er Dag Einar Thorsen
  9. Oligark er lesen 65 454 gongar, fagansvarleg er Dag Einar Thorsen
  10. Vikingtida er lesen 65 115 gongar, fagansvarleg er Bjørn Bandli
Oversikt over alle SNLs fagansvarlege på USN

Ein fagansvarleg er ein handplukka ekspert som har ansvar for eitt eller fleire fagområde i leksikonet.

  • Historie
    • Nils Ivar Agøy har ansvar for 47 artiklar i Norsk arbeiderrørsle
    • Bjørn Bandlien har ansvar for 157 artiklar i Noregs historie fram til 1050
    • Eirik Brazier har ansvar for 28 artiklar i Første verdskrig
    • James Godbolt har ansvar for 247 artiklar i Verdas historie, USAs historie frå 1960
    • Jon Wikene Iddeng har ansvar for 512 artiklar i Romerrikets historie, Biografiar i Romerrikets historie, Historiske rike i Nord-Afrika
    • Per G. Norseng har ansvar for 318 artikler i Noregs historie frå 1050 til 1300
    • Merethe Roos har ansvar for 94 artiklar i Kvinnerørsla i Noreg, Innvandringshistorie, Fattigdomshistorie
    • Kai Peter Østberg har ansvar for 107 artiklar i Den franske revolusjon
  • Kunst og estetikk
    • Eli Wendelbo har ansvar for 136 artiklar i Tekstilredskap, Veving
  • Medisin og helse
    • Jörn Klein har ansvar for 56 artiklar i Virus
  • Realfag
    • Andrea Hofmann har ansvar for 39 artiklar i Aritmetikk
  • Religion og filosofi
    • Hilde Løvdal Stephens har ansvar for 8 artiklar i Religion i Nord-Amerika
  • Samfunn
    • Tony Burner har ansvar for 50 artiklar i Vurdering av elevar og studentar, Grunnskole
    • Dag Einar Thorsen har ansvar for 388 artiklar i 8 kategorier, mellom anna Politisk og økonomisk filosofi, Politiske omgrep, Politiske organ, Politiske og økonomiske filosofar, Val
  • Språk og litteratur
    • Hans Jacob Ohldieck har ansvar for 10 artiklar i Cubas litteratur
  • Økonomi og næringsliv
    • Eivind Thomassen har ansvar for 129 artiklar i Økonomisk politikk, Økonomisk historie
Oversikt over alle SNLs fagmedarbeidarar på USN

Ein fagmedarbeidar er ein handplukka fagskribent som bidreg med tekst og artikkelforslag på utvalde fagområde.

 

  • Kjersti Brathagen
  • Finn-Einar Eliassen
  • Jone Engh
  • Øystein Jensen
  • Karen Lassen

Erik BolstadNye rekordar

Det samla talet artiklar på snl.no låg ved utgangen av 2022 like i underkant av 200 000. Dette er nokolunde på nivå med tidlegare år. Men artiklane blir stadig meir lesne. I 2022 hadde snl.no opptil 600 000 lesne artiklar på ein dag og opptil 3,5 millionar unike brukarar i månaden.

– Aldri har leksikonet vorte brukt meir. Det er sjølvsagt veldig gledeleg. Vi har mange gongar trudde at bruken av SNL vil nå ein topp og flate ut, men vi har heldigvis ikkje komme dit enno, seier Bolstad.

Store norske leksikon (SNL)

  • gratis og fritt tilgjengeleg oppslagsverk skreven og kvalitetssikra av fagfolk
  • blir gjeven ut av foreninga Store norske leksikon, der alle universitetane, høgskolar og andre ideelle organisasjonar er medlemar
  • opptil 3,5 millionar unike brukarar i månaden
  • opptil 600 000 lesne artiklar kvar dag
  • Noregs største nettstad for forskingsformidling

USN på SNL

  • Ved årsskiftet 2022/2023 er det til saman 21 fagansvarlege og fagmedarbeidarar i leksikonet som er knytt til USN, og dette er to fleire enn me hadde førre år.
  • SNLs fagansvarlege frå USN har ansvar for til saman 31 fagområde og 2326 artiklar, noko som er tolv prosent fleire artiklar enn i 2021.
  • Totalt 776 artiklar i leksikonet er skrivne av personar som er/var knytte til USN.
  • Dei 2326 artiklane fagansvarlege på USN har ansvar for er til saman lesne 3 915 492 gongar det siste året.
  • Lesertala for artiklane USN har ansvar for, var fire prosent høgare i 2022 enn i 2021.