– Vidareføringa av denne partnarskapsavtalen er heilt avgjerande for oss. Vi treng det lokale og regionale støtteapparatet. Det er veldig motiverande at vi har eit forutsigbart partnarskap og står saman, fortel USN-rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson.
USN har nyleg signert ei vidareføring av ein partnarskapsavtale med aktørar i Hønefoss-regionen. Sparebank 1-stiftelsen Ringerike er den største bidragsytaren, og har passert 25 millionar kr i gåver gjennom åra til å vidareutvikle campus Hønefoss. Vidareføringa betyr 3,6 millionar kr samla over tre år frå sparebank-stiftinga.
– Fantastisk
Bjørn Ove Grønseth, leiar for institutt for økonomi, marknadsføring og jus på USN Handelshøyskolen, campus Hønefoss, er særs nøgd.
– Det er fantastisk at vi får desse midlane. Vi har ei felles retning for kor vi skal. Dette bidreg til at vi har ei god løfteevne.
Støtta frå stiftinga skal mellom anna leggje til rette for ei mogleg etablering av eit masterstudium i rettsvitskap med profil forretningsjus, med to 50% stipendiatstillingar og to professor II-stillingar. Pengane skal også brukast til internasjonal akkreditering av USN Handelshøgskulen på campus Hønefoss.
– Vi ønsker at studentane skal ha eit heilskapleg karrieretilbod når dei studerer hos oss. For å vere konkurransedyktige må vi kunne tilby master i rettsvitskap og vere tilkopla dei internasjonale studiestadane, seier Grønseth.
LES ÒG: Slik hjelper Marianne studentane med å lære
«Hønefoss-modellen»
Kjell Baug, dagleg leiar i Sparebank 1-stiftelsen Ringerike, er klar på at det er viktig for dei å bidra til å vidareutvikle campus Hønefoss.
– Avtalen er ein eigen modell vi kan kalle Hønefoss-modellen. Vi treng identitetsmarkørar vi kan vere stolte av i regionen, og dét er USN. Campus Hønefoss har bidrege til å utvikle kunnskap som er viktig for regionen. Med vidareføringa vil vi bidra til eit endå betre campus i Hønefoss, for studentar, tilsette og Hønefoss-regionen, fortel han.
USN ønsker fleire slike avtaler der dei har campus.
– Vi ønsker at det skal spire og gro rundt alle campusane våre, og vi treng den lokale støtta, avsluttar Bing-Jonsson.
Studentane er også samstemte i at dei ønsker eit masterstudium i rettsvitskap velkommen til Campus Hønefoss.
LES ÒG: Fredrik skal bli siviløkonom og har allereie fått jobb