Det er eit tungt fag de skal meistre, bachelorstudentane i økonomi og leiing som ho underviser på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) campus Hønefoss.
Spesialiseringa i rekneskapsrådgiving krev mykje.
Pensumbøkene er mange og tjukke som murstein, men Mariannes metode hjelper studentane med å komme seg gjennom, steg for steg.
– Eg bruker element frå speleverda og lagar ei digital lærings-løype der studentane får oppgåver både før og etter timane. Dette gjer at dei blir meir aktive, meir motiverte og meistrar meir. Det har vore fantastisk å sjå utviklinga deira, både fagleg og personleg.
Ho er sjølv tidlegare student på campus Hønefoss og har vore universitetslektor i tre år. Sjølv om ho no har byrja i jobb som kvalitetsleiar i Økonomihuset på Hønefoss, har ho halde fram med å undervise.
Marianne Berggaard Breili har lang erfaring frå rekneskaps- og revisjonsbransjen og veit kva som trengst i arbeidslivet. No tek ho med seg den erfaringa inn i klasserommet.
Der ønskjer ho å gjere studentane best mogleg førebudd på å jobbe med rekneskap etter bachelorutdanninga.
Mindre stryk og betre karakterar
Det set studentane pris på. På same måten som i eit spel, blir dei utfordra med oppgåver som dei må meistre, før dei kan gå vidare.
– Vi følgjer ein sti, og på vegen møter vi hindringar som vi må løyse før vi går vidare i «spelet». Det hjelper oss veldig, og gjer det enklare for oss å lære. seier Alexander Hauge.
Han seier han kjenner seg betre førebudd på å gjere ein jobb som rekneskapsførar, og betre førebudd på eksamen.
– Marianne er fantastisk, eg kan ikkje få skrytt nok av henne, seier Alexander.
LES ÒG: Fredrik skal bli siviløkonom og har allereie fått jobb
Strykprosenten i gruppa er halvert og karakterane vesentleg forbetra. Ein student gjekk frå E til B, og kom og takka etterpå, fortel Marianne med eit stort smil.
– Det er så gøy!
Ho bruker mykje tid på å førebu seg til kvar forelesing. Ho gir også studentane eit forarbeid som dei sjølv må gjere, før dei treffest i klasserommet.
Marianne liker ikkje å kalle det forelesing, men heller undervisningsøkt, for ho vil at studentane skal vere aktive sjølv.
–Eg er oppteken av korleis hjernen vår fungerer. Den treng knaggar til å hengje kunnskapen på. Vi som underviser må vere interessert i studentane, og forstå korleis dei tenkjer for å tilpasse undervisninga. Dette kullet har snittkarakter på B, og åtte av studentane har karakter A. Men eg vil jo at dei skal kjenne meistring og nå måla sine, uansett kva nivå dei er på.
LES ÒG: Internship: Slik blei flerkulturell bakgrunn ein styrke