Studentbedrift frå USN vann NM

Bilde av JETA SB. Vinnerne av Beste studentbedrift i NM for studentbedrifter 2025
NORGESMEISTRAR: JETA SB er kåra til Noregs beste studentbedrift. No ventar EM for dei unge gründerane. (Frå venstre: Tor Gunnar Nilsen, Jonas Eiersland, Andreas Ramberg og Espen Larsen. Til høgre er rettleiar Gro Helen Eri frå USN).

JETA SB vann EM-billett og kan no smykke seg med tittelen Noregs beste studentbedrift. USN tok heim heile 4 av 5 prisar under årets NM for studentbedrifter.

– Vi har hatt eit stort håp om å vinne NM, og dette gir oss ein kjempeboost. Vi er klare, motiverte og gler oss veldig til EM.

Det fortel Espen Larsen, økonomi- og marknadsansvarleg i studentbedrifta JETA SB.

Dei stakk av med den gjævaste prisen under noregsmeisterskapen i Oslo 11. juni der unge gründerar frå heile landet konkurrerte i ei rekke ulike kategoriar.

USN stilte med sju studentbedrifter i meisterskapen der USN har for vane å gjere det skarpt, og i år tok studentar frå USN heim heile 4 av 5 prisar. No ventar EM i Athen for JETA, som også vann prisen for beste samarbeid med næringslivet.

– No skal vi konkurrere med dei beste frå dei forskjellige landa, og det er eit superhøgt nivå. Det blir tøff konkurranse, men vi har trua, seier Jonas Eiersland, styreleiar og ansvarleg for berekraft. 


LES OGSÅ: Desse tok pris i regionmeisterskapet for studentbedrifter

Potensial til å lukkast i resten av verda

JETA utviklar ein heilelektrisk, mobil luftreinsar som fjernar helsefarleg støv etter sprenging i tunnelar, noko som reduserer risiko for lungesjukdom for arbeidarane.

Løysinga kuttar ned på vassforbruk og handtering av slam, og gjev entreprenørar meir effektiv og berekraftig drift.

I juryen sin grunngjeving vert det mellom anna lagt vekt på at bedrifta skårar topp på innovasjon og nyskapning, og at dei har etablert samarbeid med store aktørar. 

Bilete av Blink Panel SB frå NM for studentbedrifter

Juryen meiner teamet har ein imponerande «drive», relevant erfaring og har demonstrert evne til læring undervegs. Dei legg også fram at bedrifta har potensial til å lukkast i resten av verda.

– Betyr mykje

Blink Panel SB frå campus Bø kom på tredjeplass i kategorien beste studentbedrift og vann prisen for Beste HR-arbeid. 

– Det var skikkeleg stas berre det å komme oss til NM, og vi er veldig nøgde no, seier Christine Djupedal.

Studentbedrifta hjelper verksemder med å forstå den yngre generasjonen gjennom skreddarsydde spørjeundersøkingar. 

– Dette er ei stadfesting på at det er eit behov for det vi driv med. Vi sit igjen med ein veldig god følelse, seier dagleg leiar Håkon Ulven.

– Som HR-ansvarleg synest eg det er utruleg gøy at vi vann for beste HR-arbeid, seier Silje Marie Næss.

Best in business

Oyster Cleanup SB frå campus Porsgrunn vann i kategorien Best in business, og dei var særs nøgde med prisen.

– Det er ein fin følelse at vi får bekrefta at det er fleire som ser verdien i det vi har jobba med. Dette betyr mykje, og det styrker motivasjonen vår, seier Johannes Skarrabekk, utviklar i bedrifta.

Bilete av Oyster Cleanup SB frå NM for studentbedrifter

Ved hjelp av kunstig intelligens og avansert bileteattkjenning utviklar dei ein autonom undervannsdrone (ROV) som skal identifisere og plukke trusselen stillehavsøsters frå havbotnen. Slik kan ein beskytte norskekysten og skape verdi i matindustrien ved at østersen vert levert til aktørar som vidareforedlar dei til matmarknaden.

LES OGSÅ: Oppfinnsomme studenter hjelper bedrifter

NM for studentbedrifter

  • NM for studentbedrifter blir arrangert av Ungt Entreprenørskap.
  • I år var det 20 bedrifter som deltok.
  • Vinnaren av beste studentbedrift går vidare til EM i Athen 1-3. juli. Her deltek ungdomsbedrifter og studentbedrifter frå heile Europa som har vunne den nasjonale tittelen Beste Ungdomsbedrift og Beste Studentbedrift i sine land. 
  • Studentbedriftene som deltek har komme vidare frå tilsvarande konkurransar på fylkesnivå og regionalt nivå.
  • Studentbedriftene konkurrerer i kategoriane «Norges beste Studentbedrift» «Beste HR-arbeid», «Beste samarbeid med næringslivet», «Best in business» og «Bærekraftsprisen».
  • Studentbedrift er eit pedagogisk program som gir studentar kompetanse om bedriftsetablering gjennom oppstart, drift og avvikling av eigen bedrift. Gjennom dette får studentane arbeidsrelevant praksis og ein arena for å bygge nettverk og kompetanse som er etterspurt av arbeidslivet: samarbeidsevne, innovasjon, gjennomføringsevne og ansvar.


Frå USN deltok:

  • JETA SB
  • Telko SB
  • Blink Panel SB
  • Elbox SB
  • BarrierBreakers SB
  • Oyster Cleanup SB
  • Kvesten Vev SB