Rollemodellar skal trekkje fleire mannlege barnehagelærarar

to menn med roser og diplom etter avsluttet bachelor i barnehagelærer
RETT I JOBB: Simon Hauge Sørensen og Remy Nyxen tok imot diplom for fullført bachelor som barnehagelærar sist veke. Dei var fire menn på kullet sitt. (Foto: Guro Danielsen/USN)

Nyutdanna Remy og Simon er sjeldne døme. No vil USN vise fram slike som dei for ungdomsskulegutar – for å inspirere fleire menn til å velje yrket.

– Vi treng fleire menn i yrket, seier nyutdanna Remy Nyxen.

Saman med studiekompis Simon Hauge Sørensen har han akkurat motteke diplom for fullført bachelorgrad. No skal dei begge ut i arbeid. Sektoren tek imot slike som han og Simon med opne armar.

No har Universitetet i Søraust-Noreg (USN) inngått eit samarbeid med NHO Geneo, der målet er å rekruttere fleire menn til barnehagen. Gjennom det nasjonale prosjektet «Gutter og barnehage» skal fleire unge gutar få auka interesse for barnehageyrket og barnehagelærarutdanninga.

I ein sektor som allereie slit med å rekruttere nok hender, vil det å trekkje til seg fleire gutar også auke det totale talet på barnehagelærarar. At barn også får oppleve ein variasjon av rollemodellar, er også ein verdi.

Det skal dei få gjennom å møte studentar som Remy og Simon – og ved å besøkje ekte barnehagar.

LES OGSÅ: Slik blir du barnehagelærer på USN

Inspirert av «Jenter og teknologi»

– Dette samarbeidet styrkjer rekrutteringa til utdanningane våre, samstundes som vi utfordrar kjønnsstereotypiar, seier Marianne Olsen Santana, visedekan for barnehagelærarutdanninga på USN. portrett marianne olsen santana

Planen er å samarbeide med ungdomsskular i nærleiken av campusar der USN tilbyr utdanninga (Porsgrunn, Vestfold, Drammen, Notodden).

Initiativet er inspirert av NHOs «Jenter og teknologi», som har som formål å auke kvinneandelen innan teknologifag. No mobiliserer dei medlemsbarnehagar over heile landet, der gutar i 10. klasse på ungdomsskulen kan få kome på bedriftsbesøk og sjå korleis kvardagen er.

– Dette er eit felles løft for rekruttering. Barnehagane treng større mangfald og god tilgang på auka kompetanse i åra som kjem, seier Tone Mila, som er prosjektleiar for «Gutter og barnehage» hos NHO Geneo.

LES OGSÅ: Løfter kompetansen på inkluderende språkbruk

– Ikkje berre bleieskift

Dei to mannlege USN-studentane vi møter på avslutningsseremonien, synest det er ein god idé å introdusere 10.-klassingar for barnehagelæraryrket.

– Det er sunt å sjå kva det dreier seg om og fjerne nokre stereotypiar. Mange trur nok at det å arbeide i barnehage berre handlar om bleieskift, seier Simon.

Han hadde ikkje vurdert yrket sjølv, om det ikkje var for at han tilfeldigvis byrja å jobbe i ein barnehage då karrieren i militæret ikkje gjekk som planlagt på grunn av ein skade.

to mannlige barnehagelærere på campus Porsgrunn

– Eg oppdaga at eg likte det kjempegodt. Ein dag på jobb gir meg skikkeleg mykje energi. Det er så mykje glede! seier han.

Oppvaksen med ei mor som arbeider i barnehage, tenkte han på yrket som kvinnedominert og ikkje noko for han. Der tok han feil.

Fleire mannlege rollemodellar og betre innblikk i kva arbeidet dreier seg om, ville kanskje ført han på rett spor tidlegare.

NHO Geneo samarbeider med utdanningsinstitusjonar rundt om i landet.

– Gjennom prosjektet får gutane både oppleve kvardagen i barnehage og besøkje universitet og høgskular, der dei møter gode rollemodellar og får innsikt i utdanninga. Vi har stor tru på at kombinasjonen av praksis og studiebesøk vil gi inspirerande opplevingar, og på sikt bidra til auka søking og styrkt omdømme for både barnehagane og utdanningane, seier prosjektleiar Tone Mila.

LES OGSÅ: Lærer eller barnehagelærer - hva skal du bli?

Eit spekter av mannlege rollemodellar

Mannlege barnehagetilsette har gjerne eit rykte på seg for å vere lekne og klare for å herje med ungane. Ein del av arbeidet med å vise fram ulike rollemodellar handlar også om å vise fram ulike tilnærmingar til yrket.

mannleg barnehagelærar tøysar med ungar

– Det å vere ein rollemodell i barnehagen handlar fyrst og fremst om å vere ein trygg og engasjert vaksen i barns kvardag. Det er også viktig å nyansere kva det vil seie å vere mann i barnehagen. Det finst ikkje éin måte å vere mannleg tilsett på, understrekar visedekan Olsen på USN.

– Nokon er aktive i leik, andre er meir rolege samtalepartnarar – og mange er begge delar. Nettopp dette mangfaldet er verdifullt, fordi det gir barn eit breiare spekter av rollemodellar og bidreg til å utfordre stereotype førestillingar om kjønn og roller, seier ho.

LES OGSÅ: 5 gode grunner til å bli barnehagelærer

Om «Gutter og barnehage»

Prosjekt starta av NHO Geneo, der Universitetet i Søraust-Noreg er ein av fleire samarbeidspartnarar. 

Arrangementet skal gi guter på 10. trinn i ungdomsskulen moglegheit til å bli betre kjend med barnehageyrket gjennom besøk i barnehagar og på utdanningar.

Dagen blir gjennomført for fyrste gong i november 2026, saman med medlemsbarnehagar (private) i områda rundt USNs campusar. 

USN tilbyr ei rekkje barnehagelærarutdanningar, både heiltid, deltid, nettbasert og arbeidsplassbasert. Oversikta finn du her.

Les meir: Gutter og barnehage