Stortingsvalet engasjerer Eda og Victoria: –Endeleg kan eg stemme

bilde av studentane Eda og Victoria
NRK OG PODKAST: F.v: Eda Nikoliqi og Victoria Sandsmark brukar valomatar, NRK og podkast for å lære om partia sin politikk. (Foto: Jan-Henrik Kulberg / USN)

USN-studentane Eda og Victoria har brukt mykje tid på å finne rett politisk parti før valet, og ein av dei har førehandsstemt.

Dei to studentane på bachelor i statsvitskap har mellom anna brukt valomatar og følgt med på valkampen for å orientere seg. 

Eda Nikoliqi (19) frå Drammen har allereie førehandsstemt på det partiet ho har vore mest samd med i mange år.

– Eg har venta på dette lenge. Endeleg får eg lov til å påverka politikken i Noreg.

Victoria Sandsmark (26) frå Kongsberg tenkjer derimot å følgje familietradisjonen, og dra til stemmelokalet saman med resten av familien. 

– Sjølv om me stemmer heilt ulikt, seier ho med eit smil. 

Victoria har vore trufast mot eitt parti, men i det siste har ho opna auga for andre alternativ.

Storforbrukarar av NRK og podkast

Begge studentane ser på valkampen som ei moglegheit til å påverke, lære og utfordre eigne perspektiv. 

 – Det er lettare å finna informasjon no enn før. Partia er meir synlege i media, og det gjer det enklare å vurdere alternativ ein kanskje ikkje har tenkt på tidlegare.

Når det gjeld informasjonskjelder, er NRK ein gjengangar.

– Eg elskar NRK. Eg bruker valomatar, ser på partileiardebattar og eg bruker også sosiale medium som TikTok og Instagram. Partia er flinke til å leggja ut innhald der, seier Eda.

Victoria nikkar: – Eg gjer det same, og høyrer på podkastar frå heile det politiske spekteret. 

LES ÒG: Internship: Slik vart fleirkulturell bakgrunn ein styrke

Openheit og diskusjon

Dei to er opptekne av å høyra på politikarar dei ikkje nødvendigvis er samde med. 

– Eg går alltid inn i diskusjonar for å lære. I statsvitskapsklassen er me flinke til å argumentere både for og imot, uansett parti, seier Victoria.

Palestina-konflikten og sosioøkonomiske forskjellar står høgt på dagsordenen. 

– For meg er Palestina ein "done deal". Eg meiner me ikkje burde støtte Israel. Trygd, arbeid og sosiale forskjellar er også viktige saker, seier Victoria.

Bilete av Eda og Victoria i samtale

Kjønn og politikk

Begge har erfart korleis kjønn kan påverke politiske preferansar. 
– Me har veslebrør, og dei har heilt andre syn på saker enn oss. Det verkar som om dei får informasjon heilt andre stader enn oss. 

– TikTok-feeden til veslebroren min ser heilt annleis ut enn min, seier Victoria. 

– Partia veit at kvinner ofte stemmer til venstre og menn til høgre, og dei tilpassar bodskapane deretter. Ein må vera klar over det og sjå heile spekteret, seier Eda. 

LES ÒG: Frå Texas til Hønefoss: – Noreg kjendest som eit friskt pust

Så mange har allereie førehandsstemt

Sjå på dette biletet med bachelorstudentar i statsvitskap, frå forelesinga som Eda og Victoria var på. 

Alle som står, har allereie bestemt seg for kva parti dei skal stemme på. Dei som i tillegg rekkjer opp handa har allereie førehandsstemt.

– Dette er heilt i tråd med utviklinga, seier Johannes Bergh frå Institutt for samfunnsforsking.

bilete av studentar som står i forelesingssalen

 

Berg er ein av dei leiande valforskarane i landet, og gjesteforelesar denne dagen.  

Han kunne fortelje statsvitskap-studentane at:

  • Rundt halvparten av veljarane bestemmer seg i løpet av valkampen - sånn var det ikkje før.
  • Folk skifter også parti oftare enn før - valkampen er derfor mykje viktigare enn tidlegare.
  • Førehandsstemming har auka kraftig dei siste åra.
  • Viss trenden held fram, nærmar me oss snart 80 prosent førehandsstemmer.
     

–  Dette vil gi politikarane store utfordringar i kommande valkampar, fordi dei vil ha mindre høve til å påverka veljarane i valkampen, sa Johannes Bergh.

Slik kan du stemme ved Stortingsvalet 2025:

  • Du kan førehandsstemme frå 11. august til 5. september.
  • I denne perioden kan du stemme i vallokale over heile landet, uavhengig av kva kommune du står i manntalet i.
  • Det einaste du treng å ha med er legitimasjon.
  • Det er ikkje mogleg å angra på stemmegivinga.
  • Dersom du førehandsstemmer kan du ikkje stemma på nytt, heller ikkje på valdagen.
  • Valdagen er 8. september. Då kan du stemme ved å møte opp i vallokalet i kommunen du er folkeregistrert i per 30. juni 2025.

Les meir om Stortingsvalet 2025 hos Valdirektoratet