USN signerer Magna Charta: Understrekar akademisk fridom

ERKLÆRING: Dekan Per-Ludvik Kjendlie representerte USN ved å signere erklæring om å styrkje akademisk fridom og autonomi. (Alle bilete: Magna Charta Observatory).
HØGTIDELEG SEREMONI: I London var representantar frå 36 universitet samla for å understreke verdiane i Magna Charta.

USN har nyleg signert Magna Charta Universitatum 2020. Det er eit viktig steg for akademisk fridom og samfunnsansvar.

På vegner av USN signerte dekan Per-Ludvik Kjendlie erklæringa Magna Charta Universitatum 2020.

Denne erklæringa gjer at USN forpliktar seg til å halde oppe og styrkje dei grunnleggjande prinsippa for akademisk fridom og institusjonell autonomi. Dette er ei tydeleg markering av verdiane til universitetet i ei tid der slike prinsipp blir utfordra på globalt nivå, fortel Kjendlie:

– Ved å underteikne Magna Charta Universitatum forpliktar vi oss til å forsvare den akademiske fridommen som er sjølve livsnerven i universitetet. Lausrivinga vår frå politiske og økonomiske interesser er ikkje berre eit privilegium, men ein føresetnad for at vi skal kunne produsere påliteleg kunnskap og utdanne ei kritisk tenkjande befolkning, sa han etter seremonien.

LES OGSÅ: Planlagt forskningssenter fra USN til finalerunden

Dekan ved USN

- Utruleg stolt

Signeringsseremonien er ei høgtideleg samling som fann stad i London, under Magna Charta-konferansen. Der var representantar frå 36 universitetet frå heile verda samla.

Studentleiar Ada Margrethe Seim var også med på signeringsseremonien saman med spesialrådgivar Heidi Tovsrud Knutsen. Seim uttrykte kor viktig dette er for studentane:

– Som studentleiar er eg utruleg stolt av at USN har signert Magna Charta Universitatum. Studentar er avhengige av å ha tillit til at utdanningane våre er av høg kvalitet, noko som sikrast gjennom akademisk ytringsfridom og institusjonell autonomi. Det er ikkje styresmaktene eller næringslivet som skal styre kva vi skal lære og forske på.

STOLT: Studentleiar Ada Margrethe Seim frå USN fortel at ho er glad for at avtalen er signert.

Å signere dokumentet er ikkje berre ei symbolsk handling, men ei forplikting. Kvart femte år må erklæringa signerast på nytt, noko som inneber at USN kontinuerleg må arbeide for å halde oppe og vidareutvikle prinsippa.

LES OGSÅ: Ny forskning skal ruste lærere mot stress

Fritt og uavhengig akademia

For studentane skaper signeringa også nye moglegheiter. Mellom anna blir det årleg arrangert ein essaykonkurranse som utfordrar studentar til å utforske tema som inkludering, samfunnsansvar og etikk. USN ønskjer å oppmuntre studentane til å delta, og spesielt studentar innan fag som menneskerettar blir oppmoda til å bidra.

UAVHENGIG AKADEMIA: Dekan Kjendlie seier at det er ei glede å forsterke den akademiske fridommen.Studentleiar Ada Margrethe Seim avsluttar med ei tydeleg oppmoding:

– Med dei stadig større og alvorlege konfliktane som pregar kvardagen vår, er vi avhengige av å bygge opp under den kritiske tanken og fridommen til å forske. Signeringa er ei tydeleg forplikting til USN om at vi skal stå saman med våre samarbeidspartnarar og arbeide for eit fritt og uavhengig akademia. Avtalen forpliktar oss til handling, ei handling studentane ved USN vil vere med på.

Gjennom medlemskapen sin i EDUC-alliansen, der fire av åtte universitet no har signert avtalen, demonstrerer USN også engasjementet sitt for internasjonalt samarbeid og kunnskapsutveksling.

– Magna Charta minner oss om at utdanning er ein menneskerett og eit felles gode, ikkje ei vare. Universitetet vårt forpliktar seg til aktivt å motarbeide ulikskap i tilgang til høgare utdanning, og til å vere ein pådrivar for samfunnsutvikling i regionen vår, seier Kjendlie.

LES OGSÅ: – Noen bøker bør absolutt forbys

Kva er Magna Charta?

Magna Charta Universitatum (MCU2020) er eit dokument som understrekar akademisk fridom og institusjonell autonomi i universiteta. Gjennom signeringa forpliktar USN seg til:

  • Å aktivt framme akademisk fridom, institusjonell autonomi og samfunnsansvar
  • Å dokumentere at prinsippa i MCU2020 er implementerte i styringsstrukturar og praksis
  • Å vektleggje inkludering, berekraft og integrering av forsking og utdanning i strategiar og styring
  • Å utvikle verksemda i tråd med samfunnets beste, slik Magna Charta Observatory oppmodar til
  • Å vareta demokratiske verdiar, openheit og etisk åtferd i utdanning, forsking og samfunnsengasjement

USN opererer i dag innanfor eit norsk rammeverk som allereie sikrar akademisk fridom og institusjonell autonomi, som er to grunnpilarar for eit sterkt demokrati. Universitets- og høgskulelova, NOKUTs kvalitetsstandardar og USNs eigne kvalitetssikringsprosessar er alle strukturar som støttar opp under prinsippa i MCU2020.

Gjennom tverrfaglege prosjekt, opne seminar og anvend forsking jobbar universitetet aktivt med tema som demokrati, berekraftige institusjonelle rammer, tillit og inkludering.