Slik kjem du deg til campus Rauland

Rauland ligg i Vinje kommune, midt mellom Oslo og Bergen.

Bil og parkering

Med bil køyrer du Europaveg 134 til Åmot i Vinje og deretter fylkesveg 37 til Rauland. Det er parkering på området.

Vi tillater ikkje overnatting på parkeringsplassar, grøntarealer eller i universitetets bygg.

Kollektivtrafikk

Næraste togstasjon er Bø stasjon. Buss med Haukeliekspressen frå Bø til Rauland tar ca. 2 timar. Haukeliekspressen frå Oslo til Bergen/Haugesund stoppar i Åmot i Vinje. Frå Åmot er det bussamband til Rauland og Campus Rauland.

Besøksadresse

Akademiet 2, 3864 Rauland