25-åringen vart vald til leiar under NITO Studentenes landsmøte etter å ha engasjert seg både lokalt og nasjonalt i organisasjonen.
– Eit utruleg spennande og utfordrande verv. Eg gler meg til å jobbe med saker eg verkeleg brenn for, seier Jarand Byrkjeland.
Han studerer IT og informasjonssystemer på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) campus Bø. Frå juli får han ansvaret for 17 000 studentar når han tek over som leiar for den største organisasjonen i landet for ingeniør- og teknologistudentar.
LES OGSÅ: Når karrierevalet blir endra
Vil gjere vegen til jobb enklare
NITO Studentene er ein del av Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO) og har sidan 1950-talet vore ein pådrivar for studentars rettar. I dag blir organisasjonen rekna som den sterkaste utdanningspolitiske stemma for bachelor- og masterstudentar innan ingeniør- og teknologifag.
– Studentorganisasjonen jobbar for å fremje interessene til studentane, arrangerer faglege og sosiale treff og sørgjer for å gi gode medlemsfordelar som forsikringar og bankavtalar, fortel Jarand.
Hans eige engasjement starta då han melde seg inn i NITOs lokallag på USN i Bø. Det gav meirsmak, og etter eitt år i sentralstyret er han no klar for leiarvervet.

– Korleis vil studentane merke at du er ny leiar?
– Dei vil merke kjernesaka mi som er overgangen frå studium til arbeidsliv. Eg har sett kor utfordrande det kan vere å skaffe seg relevant jobb etter studiane. Mi viktigaste oppgåve er å gjere denne overgangen enklare for ingeniør- og teknologistudentar.
Jarand peikar på at mange studentar treng meir relevant erfaring, betre støtte og oversikt over moglegheiter og rettar før og etter dei går inn i arbeidslivet.
LES OGSÅ: Teknologiprofessor Tokheim får USN-prisen for 2025
– Stort behov for teknologar
Jarand gjekk studiespesialisering ved Bjertnes vidaregåande skule heime i Nittedal, og brukte tid på både jobb og andre studiar før han landa på høgare utdanning hos USN.
– Eg valde IT-studiar fordi utdanninga gir mange moglegheiter i både næringslivet og offentleg sektor. Noreg kjem til å trenge endå fleire ingeniørar og teknologar framover, seier Jarand, som er i ferd med å avslutte andre året på bachelorprogrammet.
Det nye leiarvervet i NITO Studentene er eit nasjonalt frikjøpt verv, og Jarand vil derfor ta eit års pause frå studia. På sikt ser han han for seg ein jobb innan IT og cybertryggleik.
– Akkurat no er eg oppteken av å gjere ein best mogleg jobb som leiar for NITO Studentene, og deretter fullføre bacheloren, seier Jarand.
LES OGSÅ: Dette kan ingeniørar løyse
