Personvernombodet skal:
- Bistå alle studentar, tilsette og andre med informasjon, råd og opplæring om personvern
- Kontrollere at personvernreglane blir overhaldt
- Utvikle kompetanse på personvern og USN si behandling av personopplysingar
- Rapportere direkte til øvste leiing ved USN
- Vere kontaktpunkt og samarbeide med Datatilsynet
Personvernombodet har teieplikt og er fagleg uavhengig frå USN i spørsmål som har med personvern å gjere.
USN kjøper for tida personvernombod-tenester frå SIKT, og har ikke tilsatt personvernombod. Universitetet kjøper òg personverntenester for forsking og studentprosjekt frå NSD.
Kontakt personvernombodet
Har du eit spørsmål eller problem knytt til ditt personvern ved USN?
Bruke e-postadressen personvernombud@usn.no.