Lista blir utarbeidd av forskarar på Stanford i samarbeid med forlaget Elsevier og blir rekna som ei av dei mest anerkjende rangeringane av forskarars innflytelse og gjennomslagskraft.
Stanford-lista tek utgangspunkt i kor ofte vitskaplege arbeid blir sitert og om forskaren er eineforfattar, første- eller sisteforfattar. Den måler ikkje talet på publiseringar, men kor ofte ein artikkel blir sitert og brukt av andre forskarar.
Stolt og glad
Sanjeevikumar Padmanaban er på Stanfordlista for sjuande året på rad. Han er rangert som nummer 53 av heile 133 000 forskarar i verda innanfor fagfeltet elektro- og elektronikkteknologi. I Noreg er han rangert som nummer to innan sitt felt.
Professor Padmanaban kom til USN for snart fire år sidan, og det er han svært glad for:
– Først og fremst er det ei stor ære og eit privilegium å vera inkludert på Stanford/Elsevier-lista. Anerkjenninga er eit resultat av eit felles arbeid som involverer forskinga mi, samarbeidspartnarar, kollegaer, studentar, medforskarar og Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Det er inspirerande å jobbe saman med så mange gode kollegaer, mellom anna i forskingsgruppa på elektriske kraftsystem, seier professoren.
Padmanaban sitt spesialfelt er hybride fornybare energisystem. Han underviser også på master i Electrical Power Engineering.
Sjølv trur han at jamne og store forskingsbidrag, ein sterk dedikasjon til vitskapleg kvalitet og eit langsiktig engasjement for å utvikle kunnskap innan elektroteknikk, kraftelektronikk, fornybar energi og berekraftige energiteknologiar er grunnen til at han står oppført på lista.
Blant verdas mest siterte språkforskarar
Blant dei andre USN-forskarane som markerer seg på årets liste, finn vi førsteamanuensis Raees Calafato ved fakultetet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap. Calafato er rangert som nummer 246 av nær 26 000 forskarar innan fagfeltet "Språk og lingvistikk". Det plasserer han blant dei éin prosent mest innflytelsesrike språkforskarane internasjonalt det siste året. I Noreg er han rangert som den 3. mest innflytelsesrike språkforskaren i 2025.

I tillegg til å vera ein svært aktiv forskar med mange publikasjonar, er Calafato også fagredaktør eller redaksjonsmedlem i ei rekkje internasjonale tidsskrift. Bakgrunnen for at Calafato er høgt rangert trur han heng saman med at forskinga blir opplevd som praktisk og relevant for språkundervisninga.
– Mykje av arbeidet har skjedd i tett samarbeid med lærarar i skulen og lærarstudentar, både i Noreg og i andre land, og det gjer at spørsmåla spring ut av klasserommet. Eg har også brukt mange ulike metodar og tilnærmingar, både kvantitative, kvalitative og kombinasjonar av desse. Det trur eg gjer forskinga interessant for fleire lesarar enn ho elles ville nådd, seier Calafato som er medlem i forskingsgruppa på flerspråkligheit, læring og utvikling.
Plasseringa motiverer Calafato til å halde fram arbeidet, og han håpar plasseringa kan synleggjera forskinga på språk og lærarutdanning ved USN og gjera det lettare å knyta nye kontaktar, både nasjonalt og internasjonalt.
Breidde og kvalitet i forskinga
USN har fleire universitet og forskingsinstitutt framfor seg i den nasjonale rangeringa og UiO blir rangert høgast med ein 1. plass nasjonalt.
Viserektor for forsking Heidi Ormstad er glad for å finna 18 USN-forskarar på Stanford-Elsevier si topp 2-prosentliste:
– Dette vitnar om at forskinga deira har mykje vitskapleg gjennomslagskraft internasjonalt, og at kunnskapen dei utviklar blir sitert og inngår i grunnlaget for vidare forsking. Særleg hyggeleg er det at forskarane representerer så mange ulike fagmiljø. Det synleggjer breidda i forskinga ved USN og viser at forskarane våre er ein del av den internasjonale vitskaplege kunnskapsutviklinga innanfor mange ulike fagfelt.

0 Kommentarer
Du må logge på for å kunne kommentere.