– Lag kleda dine sjølve

Veronika Glitsch poserar saman med skreddardokke. Foto
TEORI OG PRAKSIS: Fyrsteamanuensis Veronikas Svensson Glitsch har ein årelang praksis som yrkesaktiv klesdesigner, målsømskredder og redesigner. (Foto: Ola Svensson)

Fyrsteamanuensis Veronika Glitsch sleit med å finne pensumlitteratur til studentane hennar på studiet «Design, redesign og søm». No er ho i gong med ho ei bokserie for dei og alle andre som vil sy sine eigne klede.

– Det å kle på oss klede er eitt av våre tre grunnleggande primærbehov, saman med mat og tak over hovudet. Difor synast eg det er viktig at vi held kunnskapen og ferdigheitene kring det å skipe og lage klede levande innetter i landet, seier fyrsteamanuensis Veronika Glitsch, som har doktorgrad i passformtilpassing under gradering av klede.

Ho viser til at i dag blir dei fleste klede vi gjeng rundt med laga i utlandet, slik at vi på inga måte er sjølvberga i Norge, verken når det gjeld tekstilfiberproduksjon eller saum av klede.

Glitsch har óg ein omfattande utdanning innan tekstil, klesdesign og skredderfaget ved sidan av ei årelang praksis som yrkesaktiv klesdesigner, målsømskredder, redesigner, universitetslektor og kurslerar.

Denne veka kom dei fyrste, trykkferske utgåvene av boka hennar Lær å sy SKJØRT – Målsøm, Mønsterkonstruksjon, Redesign til campus Rauland.

Boka er skreven for å passe til undervisninga Glitsch gjer på studiet Design, redesign og saum av klede (eit valemne for studentar på bachelor i folkekunst, som blir fylt opp av eksterne studentar).

– Det har vore vrient å finne pensumbøker for studiet mitt, og det er hovudmotivasjonen for å lage mi eiga. Spesielt for boka er at eg tek for meg innprøving på ulike kroppsformer, og korleis ein jobbe med passform, noko som knapt er dekka av litteraturen før, fortel Glitsch.

Seks bind

Glitsch tek lesarane gjennom mønsterkonstruksjon av ulike skjørtmodellar, måltilpassing av grunnform skjørt, saumteknikk fram til proft resultat og i tillegg modellering i brukte materiale til nye skjørt.

– Kunnskapen i boka er for deg som utdannar deg innen klesdesign og skredderfaget, eller for deg som ynsker å lære deg faget på eiga hand, seier Glitsch.

Boka fylger opplegget på fyrste undervisingssamling og er den fyrste i ein serie på seks bøker som Glitsch planlegg. Neste bok dekker undervisinga på andre samling, kor tema er overdelsplagg. Og slik fortsett det: bok nummer tre kjem til tredje samling, kor tema er kjolar. Så kjem bukser, heilfôra jakker og til slutt jerseyklede. 

Berekraftsmål

– Eg heier på dei som vil lære seg prosessen med å designe, teikne mønster og sy klede. Alle som veit og kan noko om skredderfaget frå innsida er med på å auke vissheita kring kva det kostar å lage klede som passer nett den aktuelle målgruppa, og kva som skal til for å møte deira ynsker for korleis kleda dei har på seg ser ut og passer på deira kroppar, seier Glitsch. 

Om Noreg skal vere i stand til å nå FN sine berekraftsmål innan 2030, meiner ho det er naudsynt at vi dyrkar fram ein lokal produksjon av klede og gjer støtte til dei som framstiller tekstilfiber basert på kva dei lokale omgjevnadene best kan framskaffe. 

– Tekstilindustrien må redusere med mellom 75 og 95 prosent av dagens produksjon, og da tel det meir at dei kleda som blir laga faktisk blir brukt og fungerer både når det kjem til stil og passform for dei som faktisk skal bruke dei, seier Glitsch.