Resultatdeling: Utvikling av framifrå kvalitet gjennom kompetanse i EDUC

Bli med på eit nettarrangement på høgt nivå, der vi utforsker korleis internasjonalt samarbeid hjelper studentar, forskarar og tilsette med faglig utvikling. Finn ut korleis EDUC skaper rom for læring, erfaringsdeling og fagleg utvikling på tvers av landegrensene.


Har du spørsmål?

Korleis kan samarbeid mellom europeiske universitet styrkje kompetansen til studentar, forskarar og tilsette? 

Velkomen til nettseminaret «Growing Excellence through Skills within the EDUC Alliance». Her får du innblikk i konkrete tilbod i EDUC og høyrer kva deltakarane har fått ut av dei. Du får òg innblikk i korleis den europeiske universitetsalliansen Una Europa arbeider med utvikling for tilsette, og korleis EU støttar slikt arbeid.

Saman set me søkjelyset på korleis universiteta kan støtte fagleg utvikling og skape fleire vegar inn i forsking.

Dette nettseminaret går føre seg på engelsk, og er særleg relevant for deg som er forskar, ph.d.-kandidat eller tilsett med interesse for kompetanseutvikling og internasjonalt samarbeid.

Mentorordningar, språkutveksling og arbeidsopphald på partneruniversitet er nokre av tilboda du får høyre om. Deltakarar deler eigne erfaringar, og fagfolk frå EDUC-universiteta fortel korleis dei arbeider for å knyte utdanning og forsking tettare saman og gi fleire høve til å utvikle kompetansen sin.

Frå USN deltek Rebeca Schumacher og Rob Bongaardt med innlegg om kompetanseutvikling gjennom mentorordningar og arbeidsopphald i EDUC-alliansen. 

Nøkkeltema

  • tettare samanheng mellom utdanning og forsking, frå masterstudium til ph.d. og vidare forskarkarriere
  • kurs og utviklingstilbod som fleire forskarar og tilsette kan ta del i
  • læring og erfaringsdeling gjennom mentorordningar, språkutveksling og arbeidsopphald
  • samarbeid mellom universitetsalliansar og EU-støtte til kompetanseutvikling

Påmelding

Digitalt påmeldingskjema: Growing Excellence through Skills within the EDUC Alliance (forms.office.com)

Delta digitalt

Lenkje til direktesendinga: MS Teams

Program

Last ned: Programme: Growing Excellence through Skills within the EDUC Alliance (.pdf)


Tysdag 24. november


10.00-10.10

Velkomen og innleiing

How EDUC is upskilling its community
Britta van Kempen, Universitetet i Potsdam, leier seminaret

10.10-10.45 | Connecting Education to Research


10.10-10.20

Master-PhD Excellence Pathway

Alessandra Carucci, Universitetet i Cagliari


10.20-10.30

Is there a ‘best place for postdocs’?

Monica Heintz, Universitetet Paris Nanterre.


10.30-10.40

A Postdoc Perspective

Federica Velli, Universitetet i Rennes, deler erfaringar.


10.40-10.45

Spørsmål og svar

10.45-11.40 | How EDUC is creating a talent ecosystem


10.45-10.55

Capacity Building Across EDUC: Designing Accessible Courses for Researchers and Staff

Eva Nagyová, Masaryk-universitetet.


10.55-11.05

Enhancing skills towards research excellence through intersectional empowerment

Iva Šmídová, Masaryk-universitetet, deler erfaringar.


11.05-11.15

Building capacity across borders: Competence development through mentoring and secondments in the EDUC alliance

Rebeca Schumacher og Rob Bongaardt, Universitetet i Søraust-Noreg.


11.15-11.35

Erfaringar frå deltakarar i språkutveksling, arbeidsopphald og mentorordningar

Barbara Vidale, Mara Marcelli, Carlo Contu og Jana Nová.


11.35-11.40

Spørsmål og svar


11.40-11.50

Erfaringar frå Una Europa

Empowerment and Professional Staff Development in UNA Europa alliance
Umberto Santagata, Universitetet i Bologna.


11.50-12.00

Oppsummering og avslutning

Supporting University Staff development through EU initiatives
Ein representant frå Europakommisjonen.


EU falg + text: Co-funded by the European Union

 

Jeg vil ha mer info om EDUC-tilbud for mitt fagområde

 

Dette er EDUC

Hva og hvem er EDUC?

European Digital UniverCity (EDUC) er en europeisk universitetsallianse med åtte medlemmer i sju land. Europeiske universitetsallianser er EUs flaggskip for å knytte det akademiske fellesskapet i Europa tettere sammen og løse de store samfunnsutfordringene.

I alliansen samarbeider vi blant annet om en felles digital campus, digitale studietilbud, fleksible internasjonale muligheter for studenter og ansatte og kompetanseheving for unge forskere og ansatte.

I tillegg til USN består EDUC av disse universitetene: 

  • Universitetet i Potsdam, Tyskland 

  • Universitetet i Rennes, Frankrike 

  • Universitetet Paris-Nanterre, Frankrike 

  • Masaryk Universitet, Tsjekkia 

  • Universitetet i Cagliari, Italia 

  • Universitetet Jaume I, Spania 

  • Universitetet i Pécs, Ungarn 

Til sammen har alliansen om lag 200 000 studenter og 31 000 ansatte.

Bruk kartet for å bli bedre kjent med de andre institusjonene. 

EDUC finansieres av Erasmus+ fra 2022-2026.

Hva vil vi med EDUC?
  • gi studenter og ansatte varierte og fleksible internasjonale muligheter

  • øke kvaliteten i utdanningene våre gjennom samarbeid og innovasjon

  • alliansesamarbeidet gir USN et konkurransefortrinn i Europa

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne på educ@usn.no

 

Lær mer om EDUC på educalliance.eu