Dette intervjuet ble først presentert på Universitetet i Potsdams nettsider, på tysk: Von Drammen nach Potsdam (uni-potsdam.de)
Vitskap knyter menneske saman – gjennom felles læring, forsking og arbeid. Nokre gonger skjer det digitalt med ny teknologi, på tvers av land og vedensdelar, og andre gonger er det heilt personleg, på ein og same stad.
Vår europeiske universitetsallianse EDUC - European Digital UniverCity gjer begge delar mogleg: digitale lærings- og samarbeidsrom legg til rette for virtuell mobilitet, samtidig som EDUC tilbyr klassisk, fysisk mobilitet med høve til å besøke partnaruniversitet, bli kjent med menneska der, sitte rundt same bord og samarbeide.
Ein av moglegheitene for slikt samarbeid er EDUC Staff Secondment Programme. Gjennom dette kan teknisk-administrativt tilsette ved dei åtte EDUC-universiteta enkelt bytte arbeidsplass for ei periode.
Frista for å søkje på ei av dei 21 stillingane Staff Secondment i 2026 er no passert.

Alt som følgjer med
Pakk kofferten, ta med familien – og reis til utlandet. Det gjorde Kine Korsmo. To månader i eit anna land, ikkje som ein ekstra lang ferie eller ein pause frå kvardagen, men med alt som følgjer med: arbeid, fritid og kvardag.
Kine Korsmo jobbar til dagleg på campus Drammen (USN) og er ein del av EDUCs kjernelag på USN. Her arbeider ho mellom anna med å støtte undervisarar som ønskjer å gje kursa eller studieprogramma sine ei internasjonal dimensjon.
– EDUC gir ei unik moglegheit til å oppleve og vere med på å forme det europeiske utdanningsområdet. Den europeiske dimensjonen kan ofte, spesielt for oss i Noreg, kjennast fjern. EDUC tar tak i dette og gir både studentar og tilsette konkrete moglegheiter til å oppleve denne dimensjonen, samle internasjonale erfaringar og bygge nettverk, forklarar Korsmo.
Tilsette til «utlån»
I arbeidsgruppene i alliansen møter Kine Korsmo ofte sine EDUC-kollegaer, men nesten berre digitalt. Då det midt i 2024 for første gong blei utlyst utplasseringar i alliansen, nølte ho ikkje lenge før ho søkte om eit korttidsopphald i Potsdam.
– Eg tenkte: Dette er jo den perfekte moglegheita til å bli betre kjent med Universitetet i Potsdam og kollegaene der, seier Korsmo.
Gjennom EDUC Staff Secondment programme «låner» institusjonar midlertidig ut tilsette på tvers av landegrenser – på same måte som til dømes statstilsette kan arbeide i EU-kommisjonen i fleire månader eller år utan å byte arbeidsgjevar.

Berekraftig
Korsmo reiste til Potsdam tidleg i mai 2025 for eit to månaders opphald, nærare bestemt til International Office - University of Potsdam. Der jobba ho med å undersøke korleis dei handterer temaet berekraft.
– Berekraft er eit viktig tema for avdelinga eg jobba i – særleg med tanke på den tydelege målkonflikten «meir mobilitet, men mindre flyging». Mobilitet er sjølvsagt eit viktig område, men det same gjeld berekraft i undervisninga, langsiktigheit og samarbeid med partnarar over heile verda, seier ho.
For Korsmos kollegaer i Potsdam innebar Staff Secondment ei ekstra arbeidskraft som gjorde det mogleg å ta tak i dette temaet. Arbeidet til Korsmo skal no bli ein del av den nye internasjonaliseringsstrategien til Universitetet i Potsdam, som er under utvikling.
Femti-femti
Takk vere fleksibiliteten i ordninga, kunne Korsmo dele arbeidsveka si mellom to stader: deler av tida jobba ho på universitetscampusen Am Neuen Palais i Potsdam, medan resten av arbeidet blei gjort i heimen, der ho heldt fram med oppgåver ved USN som ikkje kunne vente i to månader.
– Denne fleksibiliteten gjorde det lettare å ta steget. Eg måtte ikkje legge alt anna til side, seier ho.
Gamal kjærleik
Dette var langt fra første gongen Kine Korsmo reiste til Tyskland. Faktisk ser det ut til at ho stadig vender tilbake.
– Eg hadde tysk som fag i mange år på skulen. Men etter vidaregåande tenkte eg: No kan eg lese og skrive tysk, men ikkje snakke det. Så eg reiste eitt år til Thüringen gjennom ESC – Europeisk Solidaritetskorps, fortel ho.
Seinare tilbrakte ho tre månader ved det tysk-norske studiesenteret i Kiel. I 2012 jobba ho eit halvt år ved den norske ambassaden i Berlin – og det var då ho møtte mannen sin, som er frå Tyskland.
Firedobbelt kultursjokk
Då Korsmo reiste til Potsdam i 2025, tok ho med seg heile familien: partnaren sin og dei to barna, som gjekk i barnehage i Berlin. Det blei ein skikkeleg kultursjokk for alle fire, seier ho med eit smil:
– Så mykje storby – med småbarn – var ingen av oss vand med. Men barna slo seg utruleg raskt til ro, fortel Korsmo.
Planen hennar gjekk som håpa:
– Barna fekk leve to månader «på tysk» – både når det gjeld språket og kvardagen, seier ho.
Kva ho tek med seg
– Eg tek med meg mykje input, kunnskap, inspirasjon og idear til kollegaene mine ved Seksjon for internasjonalt utdanningssamarbeid på USN – spesielt om korleis vi kan jobbe med berekraft, fortel Kine.
Ho er djupt takksam overfor kollegaene sine på International Office i Potsdam, som gjorde denne opplevinga mogleg:
– Ikkje minst er eg takksam for støtta, tolmodet og fleksibiliteten eg vart møtt med. Eg følte meg som ein del av laget på veldig kort tid.
Ho meiner også at tida i Potsdam har vore svært verdifull for arbeidet i EDUC. Sjølv om ho tidlegare har møtt EDUC-kollegaer regelmessig, var det alltid digitalt og i store møter med alle åtte partnaruniversitet.
– Å kunne setje seg ned bilateralt skjer nesten aldri elles. Og den uformelle utvekslinga, også mellom slaga, er svært nyttig, seier ho.
Ein moglegheit for alle
Å reklamere for neste runde med Staff Secondments, som kjem i 2026, er lett for Kine Korsmo:
– Eg vil anbefale alle å prøve dette. Sjølvsagt må ein planleggje godt og tilpasse det til eigen livssituasjon. Det er også ein fordel å avklare forventingane på begge sider på førehand og vere fleksibel, slik at det fungerer for alle. Men eg fekk så mykje støtte – både frå USN og Universitetet i Potsdam – det var heilt fantastisk.
Korsmo har bestemt seg for at ho vil tilbake:
– Eg fekk ikkje sett så mykje som eg ønskte på berre to månader. Det må eg ta igjen!
Frist for å søkje på Staff Secondments i 2026: 15. september 2025.
-
For meir informasjon om EDUC-tilbod for teknisk-administrativt tilsette: Teknisk-administrativt tilsette - Universitetet i Sørøst-Norge
