EDUC får 3,5 millionar euro til forsking og innovasjon

illustrasjon

USNs europeiske universitetsallianse, European Digital UniverCity (EDUC), vann støtte frå the European Excellence Initiative (EEI) og lanserer no EDUC-WIDE.

Den europeiske universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC), kor USN har vore fullverdig medlem sidan 2023, lukkast i sommar med å få innvilga finansiering frå the European Excellence Initiative (EEI) (europa.eu).

Kva er EDUC?

Gjennom universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) inngår USNs studentar og tilsette i eit akademisk nettverk som strekkjer seg over Nord-, Sentral-, Sør- og Vest-Europa. 

Medlemmane samarbeider for å sameine kunnskap og ressursar med mål om å skipe eit integrert europeisk universitet med transnasjonale campusar.

EDUC støttar saumlaus mobilitet for studentar og tilsette gjennom språkmangfald, og nyttar blanda, fysiske og virtuelle lærings- og treningsformat organisert på EDUCs sameina virtuelle campus.

EDUC er eit resultat av EUs European Universities Initiatives (EUI). EDUC var ein av dei første 17 europeiske universitetsalliansane som blei etablert i 2019. USN blei assosiert medlem av alliansen i 2022 og fullt medlem då alliansen gjekk inn i fase to med EU-finansiering i fire nye år frå og med 2023.

Prosjektet EDUC-WIDE er eitt av dei tolv prosjekta som vart plukka ut blant 61 innleverte søknader.

Takk vere støtta på omlag 3,5 millionar euro, vil EDUC-alliansen vidareutvikle sitt forskings- og innovasjonsarbeid dei neste tre åra. 

EEI-finansieringa følgjer Horizon Europe-finansieringa som gjorde EDUC-alliansens forskings- og innovasjonspilot, EDUC-SHARE, mogleg. 

Utvida

EDUC-WIDE vil gjere alliansen i stand til å innta ei sentral rolle i regionale overgangar til ei kunnskapsdriven økonomi og samfunn.

Målet er ei langsiktig innsats for å takle viktige samfunnsutfordringar,  der mellom anna fokuset er på grøn og digital omstilling, samt bidrag til FNs berekraftsmål (SDG). Metoden er å utvide alliansens framragande forsking og kunnskapsoverføring gjennom djupare og geografisk inkluderande samarbeid mellom våre høgare utdanningsinstitusjonar.

Open forsking

I dei komande åra skal open forsking (Open Science) verte ein integrert del av forskingsprosessen og infrastrukturen til alle EDUC-universiteta. I tillegg vil forskarar verte støtta og førebudde på ulike karrierespor utanfor akademia.

EDUC-WIDE held óg fokus på djupare involvering frå alliansepartnarane Masaryk universitet (Tsjekkia) og Universitetet i Pécs (Ungarn), i tillegg til at det ukrainske Vasyl Stefanyk Precarpathian National University no er strukturelt integrert og fullt medlem i forskings- og innovasjonsdimensjonen av EDUC alliansen for første gong.