I januar 2023 møttest medlemmar av EDUC-alliansen (Krever innlogging) andlet til andlet på Jaume I Universitetet i Spania, og dette arbeidet heldt fram 6. og 7. mars i hybridformat på Universitetet i Pécs i Ungarn.
– EDUC er ein stor suksess for oss, sa rektor Attila Miseta ved Universitetet i Pécs, i sin velkomsttale som representant for vertsinstitusjonen.
- LES ÒG: EDUC continues its work with full throttle (pte.hu)
- SJÅ ÓG: EDUC European University Alliance members meet in Pécs (Youtube)
Dei to dagane handla om å snakke gjennom erfaringane til dei ulike funksjonane i EDUC, deling av deira mønsterpraksis og diskusjonar kring korleis dei kan få hjelp av organisasjonen. Medlemmane jobba også med korleis dei skulle møte IT-utfordringar i arbeidet til alliansen.
Eit godt teikn
Alliansens koordinator, Florian Schweigert (Universitetet i Potsdam), ønskte også deltakarane velkomne.
– Sist gong vi møttest fysisk her (i Pécs, red.anm.) var før koronavirusutbrotet. Sidan den gong har vi lagt til to nye medlemmar til alliansen vår (USN og spanske Jaume I Universitetet, red.anm.), og nye oppgåver og meir utfordrande område har opna seg for oss, sa Schweigert.
Han viste òg til ei hending ved Universitetet i Potsdam, der ein tilsett er i gong med eit EDUC-relatert prosjekt utan instruksjonar frå leiinga.
– Eg trur ikkje vi har mista kontroll. Tvert imot, så trur eg dette er eit godt teikn. Vi har nådd eit nivå der EDUC bevegar seg framover på eiga hand og går utover det lokale nivået ved kvart universitet, sa Schweigert.
– Kast deg på
– USN arbeidar no med å få på plass både administrative og faglege ekspertar i dei ulike arbeidspakkane i allianseprosjektet og i forskingssatsinga EDUC-SHARE, og mykje står framleis att. Likevel er ingen tvil om at EDUC opnar opp for mange nye moglegheiter utover i 2023 og i åra som kjem, seier spesialrådgjevar Heidi Tovsrud Knutsen, som koordinerer USNs deltaking i alliansen.
USN opplever stor interesse frå våre alliansepartnarar for fagleg samarbeid om utdanning og forsking.
– Det er opp til våre eigne fagmiljø å kaste seg på, seier Knutsen.
Dobbelt avspark
I løpet av dei to dagane i Pécs vart det òg halde to verkstader som markerte avsparka for to EDUC-prosjekt under leiing av University of Pécs.
Det eine handla om etableringa av eit kunnskapsinvesteringsfond, som medlemmane i dei kommande månadene først skal utforske finansieringshøve for og deretter utvikle ein innsamlingsstrategi for.
Det andre handla om å hjelpe til i oppstarten av kommunikasjon frå og samfunnsbygging i og rundt alliansen.