Korleis kan unge forskarar bruke kompetansen sin, både i og utanfor akademia? Det var eit sentralt spørsmål då EDUC TESE Days 2026 samla deltakarar frå alle dei åtte partnaruniversiteta i EDUC-alliansen.
Arrangementet vart halde på USN, med aktivitetar både på campus Drammen og campus Vestfold. Målet var å gi ph.d.-kandidatar ein internasjonal møteplass der dei kunne utforske framtida for europeisk forsking, utvikle nye ferdigheiter og byggje nettverk på tvers av fag, land og universitet.
Totalt deltok 42 ph.d.-kandidatar i eit program med verkstader, mentorøkter, plenumsinnlegg og sosiale møtepunkt. Gjennom tre dagar fekk dei høve til å dele erfaringar, lære av kvarandre og reflektere over kva slags kompetanse forskarar treng i eit arbeidsliv i endring.
Å utvikle ei entreprenøriell haldning
Ein viktig del av programmet var dei strukturerte mentorøktene, som gjekk over to dagar. Her fekk deltakarane arbeide med si eiga faglege og personlege utvikling, diskutere erfaringar med andre ph.d.-kandidatar og utforske ulike vegar vidare i karrieren.
– Det eg kjem til å hugse best frå TESE Days 2026, er at alle kan bli entreprenørar. Det handlar meir om haldning enn om ferdigheiter du allereie har, seier Benoît Glauser, ph.d.-kandidat ved University of Rennes.
I mentorøktene vart deltakarane òg introduserte for verktøy og rammeverk som kan støtte både entreprenøriell og profesjonell utvikling. Mellom anna arbeidde dei med EntreComp, det europeiske rammeverket for entreprenørskapskompetanse. Rammeverket handlar om korleis ein kan sjå moglegheiter, bruke ressursar og setje idear ut i livet.
Deltakarane vart også kjende med omgrepet psykologisk kapital, ofte kalla PsyCap. Dette handlar om ressursar som meistringstru, håp, robustheit og optimisme, eigenskapar som kan vere viktige både for karriereutvikling og trivsel.
Frå forsking til verdi for samfunnet
Plenumsprogrammet samla bidrag frå fagpersonar og profesjonelle aktørar frå fleire av universiteta i alliansen. Eit av hovudinnlegga vart halde av USN-forskar Daryl John Powell. I innlegget The Entrepreneurial Scholar: Finding a Market for Your Ideas, viste han korleis doktorgradsforsking kan skape verdi for samfunnet og opne dører også utanfor den tradisjonelle akademiske karrierevegen.
For Glauser var dette ein av bodskapane som gjorde sterkast inntrykk.
– Tanken om at moglegheiter må skapast, og ikkje berre ventast på, trefte meg. Det gjorde meg tryggare på at det finst mange moglege vegar vidare, ikkje berre den klassiske akademiske ruta, seier han.
På dag to fekk deltakarane oppleve campus Vestfold, der dei fekk besøkje NorFab-laboratoria, sjå maritime simuleringsfasilitetar og møte representantar frå arbeids- og næringsliv. Besøka gav deltakarane innsikt i anvendt forsking, innovasjonsmiljø og samarbeid mellom universitet og eksterne aktørar.
Nettverk på tvers av fag og land
For mange av deltakarane var møtet med andre unge forskarar noko av det mest verdifulle med TESE Days. Gjennom samtalar, gruppearbeid og uformelle møte fekk dei innblikk i korleis forskarar frå andre fagfelt og land tenkjer, arbeider og ser på rolla si.
– Det mest meiningsfulle for meg var utvekslinga med dei andre ph.d.-kandidatane, særleg dei som kom frå heilt andre forskingsfelt. Det var interessant å sjå korleis forskinga deira formar måten dei ser ulike tema på, og kor viktig forskinga er i liva deira, seier Glauser.
EDUC TESE Days 2026 viste kor verdifullt det kan vere å samle ph.d.-kandidatar frå ulike delar av Europa. Arrangementet gav rom for fagleg utvikling, nye perspektiv og nettverk som kan vare lenge etter at programmet er over.
– Eg vil definitivt anbefale TESE Days til andre ph.d.-kandidatar, seier Glauser.