Fire nettkurs for deg som forskar

Kvinne arbeider på ein bærbar datamskin. Foto

Vil du bli betre til å formidle forskinga di, utforske nye karrierevegar, utvikle et entreprenørielt tankesett, eller bidra til eit meir inkluderande akademia? EDUC tilbyr fire nettkurs for vitskapleg tilsette og ph.d.-kandidatar på USN.

Dei tre kursa som blir tilbudd i haust (2026) er alle på engelsk. Dei blir gjennomførte digitalt i eige tempo, utan faste undervisningstidspunkt.

Tilboda er ein del av USNs samarbeid i universitetsalliansen EDUC. 

Sjå kurssidene i EDUC Catalogue (catalogue.educalliance.eu) for nærare informasjon om innhald, påmelding og gjennomføring.

Bidra til eit meir inkluderande akademia

Female Empowerment in Academia (catalogue.educalliance.eu) tek opp strukturelle kjønnsskilnader, kjønnsbasert vald og kjønnsperspektiv i forsking. Kurset gir innsikt i korleis du kan bidra til eit meir likestilt og inkluderande akademisk miljø. Tilgjengeleg til 15. november 

Les meir: Digitalt kurs: Styrking av kvinner i akademia - Universitetet i Sørøst-Norge

Les meir og meld deg på Female Empowerment in Academia

Er du klar for å ta tak i kjønnsulikskap og vere med på å forme framtida? Vårt asynkrone, sjølvstyrte nettbaserte kurs er skreddarsydd for akademisk tilsette og ph.d.-kandidatar av alle kjønn.

Dette tverrfaglege kurset tek for seg kjønnsulikskap i akademia. Deltakarar som er interesserte i å forstå kjønnsrelasjonar betre i sitt arbeidsmiljø, vil få innsikt i dei viktigaste problema som hindrar kjønnsjamstelling i akademia og få nokre praktiske tips om korleis ein kan handtere dei.

Les meir og meld deg på: Female Empowerment in Academia (catalogue.educalliance.eu)

Styrk karrieremoglegheitene dine internasjonalt

International Employability Mindset hjelper deg med å førebu deg på ein internasjonal karriere. Du utviklar ferdigheiter som er nyttige på tvers av fagfelt og landegrenser, og utforskar korleis du kan bruke kompetansen din i nye arbeidssamanhengar.

Les meir og meld deg på International Employability Mindset

Dette er eit omfattande, 27-timars program utvikla av 25 undervisarar frå EDUC-alliansen. Det er designa for å gi ph.d.-studentar viktige tverrgåande ferdigheiter som er essensielle for suksessfulle karriereovergangar.

Anten du forlet akademia eller går inn i det profesjonelle arbeidsmarknaden, vil dette kurset gje deg verktøya du treng for å lykkast i dagens dynamiske jobblandskap.

 

Utforsk karrierevegar innanfor og utanfor akademia

Career Diversification in Research (catalogue.educalliance.eu) hjelper deg med å kartleggje kompetansen din og utforske korleis du kan bruke han i ulike roller. Du får praktiske verktøy for å planleggje vegen vidare i arbeidslivet. Tilgjengeleg til 1. desember 

Les meir og med deg på Career Diversification in Research

Dette kurset består av to valfrie og to obligatoriske moduler. Kvar modul inneheld innhald i form av video(ar) og blir etterfølgt av ein kort test.

  • Oversikt over karriereutviding (obligatorisk) 
  • Kapasitetsvurdering (obligatorisk) 
  • Kapasitetsbygging: Mjuke ferdigheiter for å betre karrieremoglegheitene dine (valfri) 
  • Frå akademia til praksis og tilbake (valfri)

Tilgjengeleg til 1. desember 2026

Mer informasjon og påmelding: Career Diversification in Research (catalogue.educalliance.eu)

 

Bli tryggare på forskingsformidling

Introduction to Science Communication (catalogue.educalliance.eu) gir deg ei innføring i korleis du formidlar forsking tydeleg til både fagmiljø og eit breiare publikum. Du lærer om ulike formidlingsformer, sosiale medium og samarbeid med media.

Tilgjengeleg til 10. desember

Les meir og meld deg på Introduction to Science Communication

Er du interessert i å formidle forsking, men treng hjelp til å finne ut korleis du skal gjere det og kor du skal starte? Då er dette en perfekt start, spesielt for vitskapelig tilsatte, ph.d.-kandidatar òg for forskingsstøttepersonell

Du får innblikk i kva vitskapskommunikasjon kan vere i praksis. Nettkurset består av 6 modular og éi bonusførelesing:

  • Modul 1: Introduction to Science Communication
  • Modul 2: Communicating Science Towards Professional Public
  • Modul 3: Communicating Science Towards General Public
  • Modul 4: Practical Formats of Science Communication
  • Modul 5: Social Networks in Science Communication
  • Modul 6: Media og vitskap
  • Bonus: Get Started! Researcher’s Visibility

Les meir: Digitalt kurs: Introduction to Science Communication - Universitetet i Sørøst-Norge

Meir informasjon og påmelding: EDUC Catalogue