Hilde byggjer band mellom USN og PTE

Hilde og Ashfia
I STUDIO: Frå venstre, Hilde Johnson og EDUC studentambassadør og programleeiar i podkasten Educast, Asfia Salsabil. (Foto: PTE)

Kva skjer når ein tilsett ved USN får høve til å arbeide tett saman med ein EDUC-partnar i eit anna land? Det vet Hilde Johnsen, som er på utvekslingsopphald på Universitetet i Pècs. Ho deler sine erfaringer i den siste episoden av videopodkasten Educast. Samtalen handlar om alt frå livslang læring og internasjonalt samarbeid til studentliv, kulturmøte og moglegheitene som bur i EDUC.

Den tredje sesongen av videopodkasten Educast er i gang. I sesongpremieren How to build an international career while working full-time? (YouTube) er det Hilde Johnsen frå USN som er gjest hos programleiar og EDUC-studentambassadør Asfia Salsabil fra Universitetet i Pécs (PTE).

Episoden blei nyleg spilt inn, som ein del av Hildes to månader lange utvekslingsgsopphald hos vår ungarske partner gjennom EDUC Staff Secondment Programme.

Til dagleg jobbar ho på campus Vestfold som koordinator for etter- og videreutdanning (EVU) og bedriftskontakt for etter- og videreutdanning på Fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag (TNM).

Samtalen hennar med Ashfia spenner frå livslang læring og internasjonale karrieremoglegheiter til studentutveksling, forskingssamarbeid og kvifor europeiske universitet må tenkje nytt for å møte behova til dagens studentar og arbeidstakarar.

Sjå episoden med Hilde her:

Fleksibel læring for ei ny tid

Eit sentralt tema i episoden er korleis universitet kan gjere utdanning meir tilgjengeleg for menneske som allereie er i arbeid.

– Mange ønskjer å utvikle kompetansen sin gjennom heile karrieren, men har ikkje moglegheit til å flytte eller studere på fulltid. Då må vi tilby meir fleksible løysingar, seier Hilde.

Ho peikar på at digitale og nettbaserte emne gjer det mogleg å kombinere studiar med jobb, familie og andre forpliktingar, samstundes som studentane får tilgang til internasjonal kompetanse og fagmiljø.

– Lettare for folk å finne kvarandre

Under opphaldet ved PTE har Hilde arbeidd tett med dei ulike delane av PTEs International Office, der også EDUC-administrasjonen ved universitetet er organisert.

Hennar mål er å styrkje samarbeidet mellom USN og PTE og gjere det enklare for studentar, forskarar og administrativt tilsette å finne fram til relevante samarbeidspartnarar.

– Eg håpar opphaldet kan bidra til meir student- og tilsettmobilitet, tettare forskingssamarbeid og sterkare kontakt mellom universiteta våre. Mykje handlar om å byggje relasjonar og gjere det lettare for folk å finne kvarandre, seier ho.

EDUC opnar nye dører

I episoden løftar Hilde fram ein av dei største styrkane ved EDUC-alliansen: moglegheita til å samle ressursar, kompetanse og studietilbod frå åtte europeiske universitet.

– EDUC gjer kvart universitet større. Når vi samarbeider på tvers av landegrenser, får studentane tilgang til langt fleire emne og læringsmoglegheiter enn det eitt universitet kan tilby åleine. Det same gjeld for forskarar og tilsette, seier ho.

Hilde meiner alliansen spelar ei viktig rolle i å gjere internasjonale erfaringar meir tilgjengelege, både fysisk og digitalt.

Ein internasjonal studentby i vekst

Samtalen handlar ikkje berre om utdanning og samarbeid. Hilde deler også inntrykk frå kvardagen i Pécs, ein by som stadig trekkjer til seg fleire internasjonale studentar, ikkje minst frå Noreg.

Frå dei grøne åsane i Mecsek-fjella til dei ungarske termalbada og det pulserande studentlivet, skildrar ho ein by som kombinerer historie, kultur og internasjonalt mangfald.

Vi får også vite kvifor Hilde har fått eit spesielt forhold til ungarsk gresskarkake, og kvifor ho helst tek beina fatt når ho skal utforske byen.

Sjå episoden

Korleis kan universitet bidra til livslang læring? Kva moglegheiter gir EDUC for studentar og tilsette? Og kva skal eigentleg til for å byggje sterkare band mellom universitet i ulike delar av Europa?

Sjå sesongpremieren på Educast og bli betre kjend med Hilde, arbeidet hennar med PTE og moglegheitene som ligg i europeisk universitets­samarbeid.

Educast sesong 3, episode 1: How to build an INTERNATIONAL CAREER while working FULL-TIME?