Kven kan ha nytte av forskinga til ein doktorgradskandidat, og kva kan kandidaten sjølv lære av eit slikt samarbeid?
Doktorgradskandidatar bruker fleire år på å gå i djupna på eit forskingsspørsmål. Undervegs lærer dei å vurdere kva ulike funn fortel, leie prosjekt og ta avgjerder når svara er usikre. Ei bedrift som utviklar ny teknologi, eller ein kommune som vil forbetre ei offentleg teneste, kan ha bruk for nettopp denne kompetansen.
I si andre politikkanbefaling (engelsk: policy brief), Access to Talent, ser EDUC på korleis europeiske universitetsalliansar kan leggje til rette for samarbeid mellom forskarar, arbeidsgivarar og lokalsamfunn under doktorgradsutdanninga. Arbeidet har vore leidd av Universitet i Søraust-Noreg.
Last ned EDUC Policy Brief nr. 2: Access to Talent (PDF)
Eit blikk utanfor akademia
Politikkanbefalinga tek utgangspunkt i diskusjonane frå EDUC Roundtable Policy-Briefing on European University Alliances and collaboration with industry & public sector to enhance PhD career opportunities i september 2026.
Eit sentralt moment er at doktorgradsutdanning framleis i stor grad er retta mot ein karriere i akademia, og det kan vere vanskeleg for kandidatane å finne høve til å arbeide utanfor universitetet. Gjennom nettverka til partnaruniversiteta kan europeiske universitetsalliansar hjelpe kandidatane med å knyte kontaktar på tvers av regionar og landegrenser.
Eit praksisopphald i ein kommune kan til dømes gi ein kandidat førstehandserfaring med korleis forsking blir brukt når kommunen skal ta ei avgjerd. Samstundes får kommunen tilgang til fagkunnskap han treng. Ein samtale med ein som har doktorgrad og arbeider i industrien, kan òg gi kandidaten eit klarare bilete av kvar kompetansen kan kome til nytte.
Seks tilrådingar
Publikasjonen presenterer ei rekkje konkrete tilrådingar om korleis dei europeiske universitetsalliansane kan støtte doktorgradskandidatane og samarbeidspartnarane deira.
- Involver lokalsamfunna frå første stund. La samarbeid med lokalsamfunn og andre partnarar vere ein del av doktorgradsutdanninga heilt frå starten.
- Bygg varige partnarskap med bedrifter, offentlege styresmakter og organisasjonar i sivilsamfunnet.
- Hjelp arbeidsgivarar å sjå kva kompetanse kandidatane har. Gjer det tydeleg kva dei lærer gjennom doktorgradsutdanninga.
- Set kandidatane i kontakt med folk som har teke doktorgrad, og som kan dele erfaringar og vere mentorar.
- Legg til rette for karrierar på tvers av sektorar, slik at forskarar kan byte sektor eller kombinere ulike roller.
- Verdset og lønn forskarar for det dei bidreg med til samfunnsutvikling og innovasjon.
I notatet kan du lese meir om korleis alliansane kan følgje opp kvar av tilrådingane i praksis.
Tidlegare i serien: EDUC Policy Brief nr. 1 handlar om korleis europeiske universitetsalliansar kan byggje varige partnarskap med vidaregåande skular.


