Hugs at som underviser i EDUC er du del av eit større samfunn av undervisarar; eit europeisk Community of Practice (CoP).
Utforsk moglegheitene i EDUC på nettsida for Teachers (educalliance.eu).
EDUC CoP på USN
Vi har også vårt lokale EDUC CoP på USN, som tilbyr digitale og fysiske møteplasser for undervisere på USN som er involvert i, eller er nysgjerrige på, EDUC-samarbeid.
- Meld deg inn i vårt samhandlingsrom i Teams: EDUC - Community of Practice (CoP) | Microsoft Teams
- Delta på vår neste fysiske CoP-samling, hausten 2026 på campus Vestfold (dato og meir info kjem etter kvart)
Enten du er heilt i startfasen eller allereie godt i gang, gir CoP deg verktøya, nettverket og inspirasjonen du treng for å ta EDUC-engasjementet ditt vidare.
CoP er er ein del av USN sitt arbeid med å styrkje deltakinga i EDUC og støtte tilsette i å utvikle innovative og samarbeidsbaserte undervisningsformer på tvers av europeiske institusjonar.
Målet er å gå frå enkeltståande initiativ til eit meir heilskapleg og strategisk EDUC-samarbeid på USN.
Du treng ikkje vere ekspert. CoP er ein stad der vi lærer, utforskar og utviklar oss saman.
USN-tilsette kan lese om våre tidligare fysiske CoP-samlingar på vårt intranett:
- Andre samling for EDUC Community of Practise på USN
- Første samling for EDUC Community of Practise på USN
Kvifor bli med i CoP?
Saman kan vi:
- knyte saman kollegaer på tvers av fakultet og campusar
- dele konkrete erfaringar frå prosjekt som COIL, sommarskular og mobilitet
- utvikle nye idear og initiativ i fellesskap
- byggje kompetanse og tryggleik i arbeidet med EDUC
Kva får du igjen for å delta?
Deltakarar vil:
- bli inspirert av kollegaer som allereie er i gang
- utvide nettverket ditt på tvers av USN
- vere med på å forme framtida for EDUC ved USN
- få tilgang til støtte og rettleiing frå EDUCs kjerneteam på USN
- opne dører til internasjonalt samarbeid gjennom EDUC-alliansen