EDUC i undervising

Skap meir dynamisk undervising og samarbeid med kollegaer frå heile alliansen.

Diversifiser undervisningsmetodane dine og bygg opp under autonomi i læringa, e-samarbeidsferdigheiter, fleirkulturelt samarbeid blant studentane, og tilpass deg nye generasjonar sine læringsmønster gjennom å ta i bruk ny teknologi.

EDUC Teacher's Journey

Mangfoldet av ideer og prosjekter for internasjonalisering av akademisk arbeid er enormt. Difor har vi skapt det fleksible programmet Teacher's Journey (educalliance.eu), som tilpasser seg behovene og interessane til vårt undervisings- og forskingsfellesskap.

Anten du vil internasjonalisere undervisningen din, eller om du er ein erfaren undervisar som ønskjer å utforske nye horisontar; Vi skal hjelpe deg på din reise inn i EDUC-verda, og hjelpa vil bli tilpassa dine behov.    

Vi har oppretta et delt virtuelt rom i EDUC Moodle for alle våre «EDUCators». Her er det lagt godt til rette for direkte og flytande kommunikasjon. Her kan du introdusere deg sjølv for fellesskapet, dele ideane du har for internasjonaliseringsprosjekt, møte og kome i kontakt med andre undervisarar i EDUC som også leiter etter partnarar for samarbeidsprosjekt, og finne faglege utviklingsmoglegheiter som kan hjelpe deg utvikle eller styrke ferdigheitene som trengst for å lukkast med digitale og interkulturelle læringsprosessar.

Internasjonaliseringseksperter står klare for å gje deg tilbakemelding på prosjektforslaga du legg inn på plattformen, og du får innsikt i fordelane som finst og dei einskilde finansieringsprogrammea vi har tilgjengelege for å hjelpe deg med å realisere prosjekta du draumer om.   

Vi forstår kompleksiteten ved internasjonalisering av utdanningsprosjekt, så vi har gjort vårt beste for å straumlinjeforme innhaldet for deg. Vi håpar dette vil gjere ditt EDUC-eventyr enda meir gjevande. Vi ønskjer deg ei god reise!

Nokre konkrete moglegheiter i EDUC: 

Les meir om støtta du får frå USNs EDUC-lag, eller ta direkte kontakt (educ@usn.no) med oss for å utforske moglegheitene dine.