EDUC Blended Research Summer Schools

Sommerskular med blanda format for ph.d.-kandidatar.

Informasjonen om EDUC Blended Research Summer Schools (BRSS) i 2026 blir oppdatert kontinuerleg.

Når arrangøren bekrefter at du har fått plass på sommerskolen, kan du søke stipend fra USN. Stipendmidler dekker utgifter inntil 1350 euro.

Søk stipend her (nettskjema.no)

EDUC BRSS 2026 

Søknadsfristen er diverre no ute for alle dei andre BRSS-tilboda for ph.d.-kandidatar i 2026:

EDUC BRSS 2025

Critical Methodologies – Universitetet i Sørøst-Norge

Med utgangspunkt i kritiske, dekoloniale og deltakarbaserte perspektiv, diskuterer vi metodar i praksis knytt til dekolonisering av forsking og alternativ tenking. Vi tek for oss tverrfaglege tilnærmingar som deltakarbaserte, multisensoriske, dekoloniale, feministiske, urfolks- og interseksjonelle metodologiar. Vi engasjer oss i og problematiserer globale tilnærmingar innan samfunnsvitskap, humaniora og kulturstudiar, og fører ein dialog med perspektiv frå marginaliserte posisjonar om forskingspraksis på tvers av disiplinar og i tverrkulturelle kontekstar.

Creative Product Design: Towards a More Sustainable Society Through Research – Universitetet Jaume I (Spania) 

Utforsk emnet produktdesign og ingeniørfag, med fokus på berekraft og kreativitet for å utvikle nye produkt- eller systemløysingar for samfunnet og menneske. Få styrka sjølvtillit i dei ulike forskingsfasane, som å forstå eksisterande litteratur og bakgrunn, forbetre skrivedugleik, halde munnlege presentasjonar og få betre kommunikasjonsferdigheiter. Sommarskulen vil også gi deltakarane engelskkunnskapar, med fokus på forsking og aspekt ved produktdesign og ingeniørfag.

PaleoGeography: Reconstructing the Earth System through geological times – Universitetet i Rennes (Frankrike) 

PaleoGeography: Reconstructing the Earth System through geological times – Universitetet i Rennes (Frankrike) 

Evna til å rekonstruere utviklinga av miljøforhold og geografiske trekk gjennom geologiske tider er avgjerande for vår framtid. Morgondagens vitskapsfolk som arbeider med miljøendringar, treng detaljerte paleogeografiske kart og numeriske verktøy for å validere modellar av tidlegare og framtidige livs- og miljøutviklingar. For den veksande grøne industrien er paleogeografiske rekonstruksjonar grunnleggjande ressursar for å vurdere potensielle kjelder og lokasjonar av viktige geo-resursar.

Intercultural Sensitivity – Universitetet i Pécs (Ungarn)

Fordjup deg i forsking på identitet, kultur og globalisering medan du samarbeider med andre stipendiatar med ulike bakgrunnar. Forbetre di kulturelle medvit, styrk dine interkulturelle kommunikasjonsevner, og få verdifulle innsikter i europeisk kulturelt mangfald. Få hjelp til å utvikle essensielle ferdigheiter for suksessfullt interkulturelt samarbeid.

 

 

Spørsmål om EDUC Blended Research Summer Schools?

...eller noe annet som gjelder EDUC?

Ta kontakt: educ@usn.no