EDUC tilbyr vi samlingar for ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, utforma for å fremje profesjonelt engasjement og nettverksbygging blant unge forskarar ved våre åtte partneruniversitet.
Dette gjev unike moglegheiter til å knyte kontakt med kollegaer, dele innsikt og styrkje forskingsreisa di.
I 2026 er det berre planlagt éin slik samling:
New Ethical Challenges in Research (Spania)
- Arrangør: Universitetet Jaume I
- Tema: «New Ethical Challenges in Research»
- Dato: 25. til 29. mai 2026
- Søknadsskjema (nettskjema)
- Meir informasjon (courses.educalliance.eu)
Samlingar i 2025
AI for Research and Education (Frankrike)
Søknadsfristen har gått ut.
- Arrangør: Universitetet i Rennes
- Tema: «AI for Research and Eduction»
- Dato: 3. til 7. november 2025
- Beskriving: KI formar framtida for kunnskap og innovasjon. Uavhengig av fagområde eller forskingstema, vil KI sin veksande rolla i forsking, utdanning og karriereutvikling sannsynlegvis påverke ditt arbeid. Denne samlinga vil utforske KI sin påverknad på alle felt, frå naturvitskap til humaniora og samfunnsvitskap.
Refocus, and Rediscover Balance (Tsjekkia)
Søknadsfristen har gått ut.
-
Arrangør: Masaryk Universitet
-
Tema: «Refocus, and Rediscover Balance»
-
Beskriving: Ta ein pause frå presset i akademia og utforsk viktige tema som velvære, balanse mellom arbeid og fritid, motstandskraft og mindfulness. Dette er ei unik moglegheit til å finne attende til deg sjølv, få praktiske verktøy for å handtere stress, og finne eit støttande fellesskap av likesinna unge kollegaer frå ulike bakgrunnar. Invester i din mentale helse og vend attende til forskinga di med fornya klarheit, motivasjon og energi.
-
Målgruppe: unge forskarar frå heile Europa
-
Dato: 1.-5. juni 2025