EDUC tilbyr internship-moglegheiter, også for deg som er ph.d.-stipendiat. Eit praksisopphald i ein forskingsgruppe eller ein lab på eit EDUC-universitet er eit godt høve for å orientere deg i feltet ditt og få relevant arbeidserfaring. Du kan bli kjent med eit internasjonalt miljø og byggje både nettverk og cv.
Praksisopphald i ein forskergruppe eller eit forskningslaboratorium ved eit av EDUC-universiteta er forbehalden masterstudentar og ph.d.-stipendiatar. Varigheit på 2-6 månedar.
Du kan finne fleire forskingsinternship-moglegheiter i EDUCs kurskatalog: EDUC Alliance - Course Catalogue (courses.educalliance.eu). Du kan filtrere søket ditt med å huka av for «Internship» under «Type of Learning Opportunity», øvst til venstre.
Merk at internshipa har ulike søknadsfristar.
Stipend
Du kan få stipend fra Erasmus+ for å ta internship gjennom EDUC. Det dekkjer noko av utgiftane til reise og opphald (sirka 1000 euro).
Etter at internshipet ditt er godkjent, kan du søkje om stipend gjennom USN: Erasmus+ - USN Intranett
Ta kontakt med oss om du vil vite meir: educ@usn.no
Frisk opp språkkunnskapane før du dreg
Planlegg du eit internship i utlandet? Kva med å friske opp språkkunnskapane i forkant? EDUC tilbyr digitale språkkurs på fleire nivå.
Finn eit språkkurs som passar for deg i EDUC-katalogen (courses.educalliance.eu).
Hugs, kurskatalogen blir kontinuerleg oppdatert, så sjekk igjen seinare om du ikkje finn det du leitar etter akkurat no.