Dei tre kursa som blir tilbudd i haust (2026) er alle på engelsk. Dei blir gjennomførte digitalt i eige tempo, utan faste undervisningstidspunkt.
Tilboda er ein del av USNs samarbeid i universitetsalliansen EDUC.
Sjå kurssidene i EDUC Catalogue (catalogue.educalliance.eu) for nærare informasjon om innhald, påmelding og gjennomføring.
- Female Empowerment in Academia (tilgjengeleg til 15. november 2026)
- International Employability Mindset (tilgjengeleg til 30. november 2026)
- Career Diversification in Research (tilgjengeleg til 1. desember 2026)
- Introduction to Science Communication (tilgjengeleg til 10. desember 2026)
Bidra til eit meir inkluderande akademia
Female Empowerment in Academia (catalogue.educalliance.eu) tek opp strukturelle kjønnsskilnader, kjønnsbasert vald og kjønnsperspektiv i forsking. Kurset gir innsikt i korleis du kan bidra til eit meir likestilt og inkluderande akademisk miljø. Tilgjengeleg til 15. november
Les meir: Digitalt kurs: Styrking av kvinner i akademia - Universitetet i Sørøst-Norge
Les meir og meld deg på Female Empowerment in Academia
Er du klar for å ta tak i kjønnsulikskap og vere med på å forme framtida? Vårt asynkrone, sjølvstyrte nettbaserte kurs er skreddarsydd for akademisk tilsette og ph.d.-kandidatar av alle kjønn.
Dette tverrfaglege kurset tek for seg kjønnsulikskap i akademia. Deltakarar som er interesserte i å forstå kjønnsrelasjonar betre i sitt arbeidsmiljø, vil få innsikt i dei viktigaste problema som hindrar kjønnsjamstelling i akademia og få nokre praktiske tips om korleis ein kan handtere dei.
Les meir og meld deg på: Female Empowerment in Academia (catalogue.educalliance.eu)
Styrk karrieremoglegheitene dine internasjonalt
International Employability Mindset hjelper deg med å førebu deg på ein internasjonal karriere. Du utviklar ferdigheiter som er nyttige på tvers av fagfelt og landegrenser, og utforskar korleis du kan bruke kompetansen din i nye arbeidssamanhengar.
Les meir og meld deg på International Employability Mindset
Dette er eit omfattande, 27-timars program utvikla av 25 undervisarar frå EDUC-alliansen. Det er designa for å gi ph.d.-studentar viktige tverrgåande ferdigheiter som er essensielle for suksessfulle karriereovergangar.
Anten du forlet akademia eller går inn i det profesjonelle arbeidsmarknaden, vil dette kurset gje deg verktøya du treng for å lykkast i dagens dynamiske jobblandskap.
- Tilgjengeleg til: 30. november
- Meir info og søknadsskjema i EDUCs kurskatolog: International Employability Mindset (catalogue.educalliance.eu)
Utforsk karrierevegar innanfor og utanfor akademia
Career Diversification in Research (catalogue.educalliance.eu) hjelper deg med å kartleggje kompetansen din og utforske korleis du kan bruke han i ulike roller. Du får praktiske verktøy for å planleggje vegen vidare i arbeidslivet. Tilgjengeleg til 1. desember
Les meir og med deg på Career Diversification in Research
Dette kurset består av to valfrie og to obligatoriske moduler. Kvar modul inneheld innhald i form av video(ar) og blir etterfølgt av ein kort test.
- Oversikt over karriereutviding (obligatorisk)
- Kapasitetsvurdering (obligatorisk)
- Kapasitetsbygging: Mjuke ferdigheiter for å betre karrieremoglegheitene dine (valfri)
- Frå akademia til praksis og tilbake (valfri)
Tilgjengeleg til 1. desember 2026
Mer informasjon og påmelding: Career Diversification in Research (catalogue.educalliance.eu)
Bli tryggare på forskingsformidling
Introduction to Science Communication (catalogue.educalliance.eu) gir deg ei innføring i korleis du formidlar forsking tydeleg til både fagmiljø og eit breiare publikum. Du lærer om ulike formidlingsformer, sosiale medium og samarbeid med media.
Tilgjengeleg til 10. desember
Les meir og meld deg på Introduction to Science Communication
Er du interessert i å formidle forsking, men treng hjelp til å finne ut korleis du skal gjere det og kor du skal starte? Då er dette en perfekt start, spesielt for vitskapelig tilsatte, ph.d.-kandidatar òg for forskingsstøttepersonell
Du får innblikk i kva vitskapskommunikasjon kan vere i praksis. Nettkurset består av 6 modular og éi bonusførelesing:
- Modul 1: Introduction to Science Communication
- Modul 2: Communicating Science Towards Professional Public
- Modul 3: Communicating Science Towards General Public
- Modul 4: Practical Formats of Science Communication
- Modul 5: Social Networks in Science Communication
- Modul 6: Media og vitskap
- Bonus: Get Started! Researcher’s Visibility
Les meir: Digitalt kurs: Introduction to Science Communication - Universitetet i Sørøst-Norge
Meir informasjon og påmelding: EDUC Catalogue


