Korleis kan samarbeid mellom europeiske universitet styrkje kompetansen til studentar, forskarar og tilsette?
Velkomen til nettseminaret «Growing Excellence through Skills within the EDUC Alliance». Her får du innblikk i konkrete tilbod i EDUC og høyrer kva deltakarane har fått ut av dei. Du får òg innblikk i korleis den europeiske universitetsalliansen Una Europa arbeider med utvikling for tilsette, og korleis EU støttar slikt arbeid.
Saman set me søkjelyset på korleis universiteta kan støtte fagleg utvikling og skape fleire vegar inn i forsking.
Dette nettseminaret går føre seg på engelsk, og er særleg relevant for deg som er forskar, ph.d.-kandidat eller tilsett med interesse for kompetanseutvikling og internasjonalt samarbeid.
Mentorordningar, språkutveksling og arbeidsopphald på partneruniversitet er nokre av tilboda du får høyre om. Deltakarar deler eigne erfaringar, og fagfolk frå EDUC-universiteta fortel korleis dei arbeider for å knyte utdanning og forsking tettare saman og gi fleire høve til å utvikle kompetansen sin.
Frå USN deltek Rebeca Schumacher og Rob Bongaardt med innlegg om kompetanseutvikling gjennom mentorordningar og arbeidsopphald i EDUC-alliansen.
Nøkkeltema
- tettare samanheng mellom utdanning og forsking, frå masterstudium til ph.d. og vidare forskarkarriere
- kurs og utviklingstilbod som fleire forskarar og tilsette kan ta del i
- læring og erfaringsdeling gjennom mentorordningar, språkutveksling og arbeidsopphald
- samarbeid mellom universitetsalliansar og EU-støtte til kompetanseutvikling
Påmelding
Digitalt påmeldingskjema: Growing Excellence through Skills within the EDUC Alliance (forms.office.com)
Delta digitalt
Lenkje til direktesendinga: MS Teams
Program
Last ned: Programme: Growing Excellence through Skills within the EDUC Alliance (.pdf)
Tysdag 24. november
10.00-10.10
Velkomen og innleiing
How EDUC is upskilling its community
Britta van Kempen, Universitetet i Potsdam, leier seminaret
10.10-10.45 | Connecting Education to Research
10.10-10.20
Master-PhD Excellence Pathway
Alessandra Carucci, Universitetet i Cagliari
10.20-10.30
Is there a ‘best place for postdocs’?
Monica Heintz, Universitetet Paris Nanterre.
10.30-10.40
A Postdoc Perspective
Federica Velli, Universitetet i Rennes, deler erfaringar.
10.40-10.45
Spørsmål og svar
10.45-11.40 | How EDUC is creating a talent ecosystem
10.45-10.55
Capacity Building Across EDUC: Designing Accessible Courses for Researchers and Staff
Eva Nagyová, Masaryk-universitetet.
10.55-11.05
Enhancing skills towards research excellence through intersectional empowerment
Iva Šmídová, Masaryk-universitetet, deler erfaringar.
11.05-11.15
Building capacity across borders: Competence development through mentoring and secondments in the EDUC alliance
Rebeca Schumacher og Rob Bongaardt, Universitetet i Søraust-Noreg.
11.15-11.35
Erfaringar frå deltakarar i språkutveksling, arbeidsopphald og mentorordningar
Barbara Vidale, Mara Marcelli, Carlo Contu og Jana Nová.
11.35-11.40
Spørsmål og svar
11.40-11.50
Erfaringar frå Una Europa
Empowerment and Professional Staff Development in UNA Europa alliance
Umberto Santagata, Universitetet i Bologna.
11.50-12.00
Oppsummering og avslutning
Supporting University Staff development through EU initiatives
Ein representant frå Europakommisjonen.

