Oppdraget til Studentrådet i EDUC, EDUC Student Board (EDUC SB), er å sikre at studentrøyster blir høyrde og tekne med i avgjerdsprosessane i alliansen.
Ved å fremje samarbeid mellom universiteta, bidreg studentrådet til å styrkje digital utdanning, internasjonalt samarbeid og studentengasjement innanfor EDUC.
Studentrådet møtest digitalt på ein regelmessig månadleg basis, og to gonger i året fysisk under EDUCs styringsgruppemøter, EDUC Steering Committee Meetings.
Hovudfunksjonar til Studentrådet i EDUC:
- representasjon: kjempe for studentinteresser på tvers av alliansen
- engasjement: oppmuntre til studentdeltaking i EDUC-prosjekt og -initiativ
- tilbakemelding: gje innspel på retningslinjer og program for å tilpasse dei til studentanes behov
- samarbeid: styrkje forbindelsane mellom studentar frå ulike universitet
- initiativ: støtte og organisere studentstyrte aktivitetar som samsvarar med EDUC sitt oppdrag
Din mann i EDUC Student Board
USNs representant in EDUC Student Board er Tummas A Halvmørk Joensen, nestleder i studentdemokratiet i Sørøst-Norge.