Lær å handtere konfliktar i internasjonale fagmiljø

mennesker i dialog. foto

Korleis kan kulturelle skilnader bli eit utgangspunkt for betre samarbeid? Gjennom EDUC kan tilsette ved USN delta på eit praktisk kurs i interkulturell kommunikasjon og mekling ved Universitetet i Potsdam våren 2027. Påmelding innan 15. januar

Når menneske med ulik kulturell bakgrunn samarbeider, kan ulike forventningar og kommunikasjonsmåtar føre til misforståingar og konfliktar. Med gode verktøy kan slike situasjonar òg opne for læring, betre dialog og større forståing.

Kurset Intercultural Mediation in Higher Education: Transforming Conflict into Opportunity in Diverse Academic Environments gir deg praktiske ferdigheiter til å førebyggje og handtere konfliktar i ein internasjonal universitetskvardag.

Relevant for både fagleg og administrativt tilsette

Tilbodet er for deg som jobbar i internasjonale eller kulturelt mangfaldige miljø, til dømes med undervisning, rettleiing, koordinering eller prosjektleiing.

Gjennom korte faglege innleiingar, gruppediskusjonar, refleksjonsøvingar og rollespel får du utforske korleis kultur, identitet og eigne førestillingar påverkar kommunikasjon og samarbeid. 

Du får mellom anna øve på å:

  • kjenne att kulturelle påverknader på kommunikasjon og konflikthandtering
  • analysere konfliktar og forstå ulike perspektiv
  • bruke aktiv lytting, gode spørsmål og meklingsteknikkar
  • leggje til rette for dialog mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn
  • gjere konfliktar til høve for læring og utvikling.

Praktisk trening og erfaringsutveksling

Kurset blir leia av ekspertar på interkulturell kommunikasjon og mekling. Med ei gruppe på 15-20 deltakarar blir det god plass til aktiv deltaking og erfaringsutveksling med kollegaer frå EDUC-universiteta.

Du utviklar ein personleg handlingsplan for interkulturell mekling og får med deg ei verktøykasse med metodar, kommunikasjonsstrategiar og døme du kan bruke i eigen jobb.

Programmet omfattar òg byvandring, omvising på campus og ein felles middag.

Praktisk informasjon

  • Tid: 15.-20. mars 2027, kl. 09.00-17.00 alle seks dagane, inkludert laurdag
  • Stad: Universitetet i Potsdam, Tyskland (fysisk deltaking)
  • Målgruppe: Administrativt og fagleg tilsette ved EDUC-universiteta
  • Språkkrav: Engelsk på minimum B2-nivå
  • Kursavgift: 900 euro per person*
  • Førebuing: Ei kort eigenvurdering og lesestoff før kursstart
  • Vurdering: Skriftleg eksamen på nett

*Det kan vere mogleg å få støtte til deltaking gjennom Erasmus+ tilsettmobilitet for opplæring. Les meir på min.usn.no: Erasmus+ opplæring/undervisningsmobilitet - USN Intranett

Vil du styrkje kompetansen din i interkulturelt samarbeid? Les meir om kurset og korleis du søkjer i EDUC-katalogen: Intercultural Mediation in Higher Education: Transforming Conflict into Opportunity in Diverse Academic Environments (catalogue.educalliance.eu)