Gudny Øyre Flatabø skal forsvara avhandlinga si for grada philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Ho har følgt doktorgradsprogrammet i prosess, energi og automatiseringsteknikk ved fakultet for teknologi, naturvitskap og maritime fag.
Alle interesserte er velkomne til prøveforelesing og disputas. Denne vil også strøymast digitalt via Zoom (lenkje).
Samandrag
Doktorgradsarbeidet utforskar ein ny måte å handtere organisk avfall på, spesielt avløpsslam frå avløpreinseanlegg. Avløpsslam inneheld ofte ureiningar som kan vere skadelege og er vanskelege å bryte ned, som PFAS, PCB og dioksiner.
Forskinga fokuserte på å kombinere to prosessar:
1: Pyrolyse
Oppvarming av tørt avløpsslam (eller anna tørt organisk materiale) ved høge temperaturar utan oksygen. Prosessen omdannar det faste materialet til biokol. Pyrolyse reduserer ureiningar som PFAS, PCB og dioksinar med over 95 %, og “fangar” i tillegg karbon. Ved å binde karbon i ei stabil form, bidreg biokol til å hindre at karbondioksid slepp ut i atmosfæren, og kan med det vere eit potensielt verktøy for å redusere klimaendringar.
2: Anaerob utråtning
Bruk av mikroorganismar til å bryte ned vått organisk materiale utan oksygen. Prosessen produserer biogass (hovudsakleg metan) som kan brukast til å erstatte fossile brensel.
Sjølv om pyrolyse effektivt reduserer ureiningane i det faste biokolet, inneheld det flytande biproduktet (pyrolysekondensat) framleis høge nivå av skadelege stoff. Det betyr at me må handtere denne væska nøye for å unngå miljøureiningar.
Ved å integrere pyrolyse og anaerob utråtning kan me hente ut energi og næringsstoff frå avløpsslam og redusere påverknaden på miljøet. Likevel er det utfordrande å finne ut korleis me skal handtere dei resterande ureiningane i pyrolysekondensatet, sidan me risikerer å spreie desse til vassdrag når kondensatet blir brukt i anaerob utråtning.
Den praktiske lærdommen frå denne forskinga er at ved å bruke både pyrolyse og anaerob nedbryting saman, kan me utvikle meir hensiktsmessige måtar å handsame organisk avfall som avløpsslam på. Slik kan me nærme oss sirkulære avfallshandteringsstrategiar som ikkje berre kvittar seg med avfall, men óg resirkulerer verdifulle ressursar, minkar CO2-utslepp og vernar om miljøet.