Målet med forskingsdagane er å skape begeistring for forsking, og å nå ut med forskinga til dei som har bruk for den.
Samarbeid med ei lang rekkje skular, organisasjonar som Tekna og Nito, bedrifter, tilsette i kommunar og til dømes Norsk industriarbeidarmuseum er med på å sikre nettopp dette.
– Forskingsdagane bidreg på denne måten ikkje berre til å bringe forskningsaktivteten ved Universitetet i Søraust-Noreg ut, men og til å styrkje samhandling med både privat og offentleg sektor. Eg vil gjerne gi honnør til alle dei tilsette som har organisert og invitert til forskingsdagsarrangement i år. Det seier viserektor for forsking, berekraft og nyskaping, Heidi Ormstad.
Nyttig forsking
Eit av arrangementa som hadde mange eksterne deltakarar på både arrangør- og deltakarsida, var "Frå student til beredskapsaktør", der aktørar frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Norges Røde Kors, SolidRock AS, Vestfold fylkeskommune og fem kommunar frå Buskerud og Vestfold deltok. Dei utveksle viktig kunnskap og jobba saman fram nye idear om beredskap.
Arrangement "Crafting for Health" er eit anna døme på samarbeid og nytte. Her fortalde mellom anna professor Anja Hagen Olafsen om korleis ein kan skape seg ei god helse på og utanfor jobb. Utgangspunktet var frå forsking i prosjektet MOTIVATION. Deltakarane var mellom anna medlemmer i Ringerike næringsforening.
– Det er fint å kunne bruke slike arrangement til å nå ut med forsking vi trur kan skape ein betre kvardag for arbeidstakarar, i relasjon til både på jobb eller i fritid og på den måten vareta den jobbrelatert helsa si.

LES MEIR: Forskar ved USN gir råd om korleis arbeidstakarar kan forme sin eigen jobb
Nær 1000 deltakarar
Når nesten alle arrangørar har meldt inn talet på deltakarar på arrangementa sine, står vi med eit samla tal deltakarar på forskingsdagsarrangement på nær 1000 deltakarar. Deltakarane var i alle aldrar, og i år var det arrangement på alle campusar.
Ingeniørdagane i Porsgrunn og Natur- og energistien i Bø inviterer kvart år skuleelevar til ein dag der dei får kunnskap om teknologiske fag, natur og miljø. Høvesvis 298 og 110 elevar frå Grenland og Midt-Telemark fekk mellom anna teste brannsløkking med VR-briller, lære om solkraft og lage iskrem på desse arrangementa.
– Det er gøy å sjå barn bli ivrige og engasjerte i slike aktivteter. Det bidreg til å skape begeistring for forskning og interesse for teknologifag.
Det seier Hildegunn Hegna Haugen, som i 24 år har hatt ansvar for ingeniørdagane. Ho understrekar kor viktig samarbeidet er med tilsette, studentar, NITO og TEKNO og trekkjer også fram dei åtte bedriftene som deltok med aktivteter. Blant dei var Yara Norge, som takka for at dei fekk vere med på Instagram.
Ikkje alle arrangementa fekk så mange deltakarar som dei kunne ønskje seg. Men så godt som alle opne arrangement fekk redaksjonell førehandsomtale i lokale aviser. Det bidreg og til å spreie kunnskap om forskinga. Eit døme på dette er arrangementet "Godt syn og lys skaper tryggleik", som vart trekt fram i Forskingsrådets pressemelding og nettnyheit.
I tillegg til dette har over 90 000 sett ein annonse, eit facebookarrangement eller ein av USNs kalenderoppføringar for arrangementa.