15 millionar til kommersialisering ved USN: Mesay står bak to av prosjekta

Bilde av Mesay Moges Menebo
EI REISE: – Prosessen med dei to prosjekta har vore ei reise. Det har vore litt som å klatre ei trapp steg for steg, frå nettverksbygging og teamarbeid til idétesting, prototyping og kontinuerleg læring, seier førsteamanuensis Mesay Moges Menebo. Kopirett: USN.

Det manglar ikkje på gode idémakarar hjå USN. Ekstern finansiering til åtte nye kommersialiseringsprosjekt i år gir USN eit kraftig innovasjonsløft.

Saka blei oppdatert 17. 12 med eit nytt prosjekt

Førsteamanuensis Mesay Moges Menebo ved USN Handelshøgskulen i Bø står bak to av prosjekta som har fått støtte.

Eit av dei er ein KI-basert modell for sanntidsprognosar av medisinbehov, BAIMM. Modellen til Menebo skal gi meir presise og datadrivne prognosar for etterspørselen etter medisinar, slik at apoteka har medisinen tilgjengeleg. Den reduserer feilmarginane i dagens berekningsmetodar betydeleg. BAIMM kan gi apoteka og helsevesenet eit kraftfullt verktøy i kampen mot medisinmangel, noko som gagnar både pasientar og samfunnet.

– For pasientar kan medisinmangel føre til manglande dosar, avbrot i behandling eller mindre optimale alternativ, som påverkar livskvaliteten. Løysinga kan redusere mangel, gi betre prognosar, betre førebuing og betre behandling, fortel Menebo.

Fordelen med denne tilnærminga er at vi får innsikt i den potensielle belastninga i god tid, før sjukdomen skaper press på helsesystemet. Dette gjer at styresmaktene kan setje inn førebyggjande tiltak mykje tidlegare.

Menebo fekk først 62 000 kroner i stimuleringsmidlar frå Framtidas helse- og velferdstenester, eitt av USN sine fem strategiske forskingsområde. Så vann han USN sin idékonkurranse for 2025. Nyleg har prosjektet fått ein halv million kroner i kommersialiseringsmidlar i kategorien kvalifisering frå Forskingsrådet.

Millionstøtte

Menebo har også fått støtte til ein annan idé: Appen og nettsida Pillerogmat som gir betre informasjon om kva som er trygt å ete når ein går på medisinar, slik at ein unngår unødvendige biverknadar. 

– Eg såg gong på gong kor lett mat–medisin-interaksjonar kan gå under radaren, sjølv om nokre av dei kan redusere effekten av medisinen eller skade helsa. Informasjonen om dette finst, men er spreidd, vanskeleg å forstå og krev tid og motivasjon som dei fleste ikkje har i kvardagen. Pillerogmat gjer komplekse data om interaksjonar til enkel, brukarspesifikk rettleiing, fortel han.

Prosjektet har tidlegare motteke 500 000 kroner i kvalifiseringsstøtte. No har prosjektet fått 1,5 millionar kroner i utviklingsstøtte frå Stiftinga DAM. 

– Prosessen med dei to prosjekta har vore ei reise. Det har vore litt som å klatre ei trapp steg for steg, frå nettverksbygging og teamarbeid til idétesting, prototyping og kontinuerleg læring, seier han.

LES OGSÅ: Banebrytende KI-løsning vant idékonkurransen

Bilde av USN-rektor Pia Bing-Jonsson og Mesay Moges Menebo.

– Imponerande

Maaike Dooper, seniorrådgjevar ved USNs Eining for kommersialisering og innovasjon (KOIN), leiar teamet som støttar kommersialiseringsprosjekt ved USN. 

– Forskarar har som regel allereie fulle arbeidsdagar og avgrensa med moglegheiter til å jobbe med andre ting enn undervising og forsking. Vi tek ansvar for store delar av søknadsarbeidet og rigging av prosjektteam, seier Dooper. 

KOIN-teamet har i år gjort søknadsarbeid til ein topp-prioritet, og har mellom anna støtta Menebos to prosjekt.

– Det er imponerande å sjå korleis Mesay klarer å bruke si forsking til å utvikle konkrete løysingar som er nyttige og viktige for samfunnet, seier Dooper.

Nye eksternt finansierte kommersialiseringsprosjekt ved USN har gått frå fire i 2024 til åtte i år, og ein søknad er framleis under behandling hjå Forskingsrådet. Summen på ekstern finansiering har gått frå 2,75 millionar kroner i fjor til 15 millionar i år.

I tillegg er det to generelle utviklingsprosjekt som fekk innvilga støtte i år, med ein total ekstern løyving på to millionar kroner totalt. 

LES OGSÅ: Studie: Vi gir ikke opp alternativ behandling selv om effekten uteblir

Prosjekta som har fått støtte

Medrekna Menebo sitt BAIMM-prosjekt har USN i år fått støtte til fire prosjekt i kategorien Kvalifisering - Kommersialisering frå Forskingsrådet:

  • AI Medicine Logistics: Preventing Shortages - 498 000 kr (Mesay Moges Menebo)
  • An End-to-End Maritime Threat Detection System for Real-Time Object Recognition, Reasoning, and Response - 500 000 kr (Youcef Djenouri, IMS)
  • Single crystal-like thin films for new generation plasmonic sensor devices - 500 000 kr (Kim Robert Gustavsen, IMS)
  • Energizing tomorrow: Novel single-atom catalyst for hydrogen production with supreme energy efficiency - 500 000 kr (Kaiying Wang, IMS)


Verifiseringsprosjekt
USN-Professor Kian Mehdi Azadmehr leiar prosjektet PowerMax, som har fått fem millionar kroner i støtte for kommersialisering i kategorien verifiseringsprosjekt. Prosjektet utviklar ei trådlaus ladeløysing for elektriske fritidsbåtar, og har tidlegare fått 500 000 kroner i kvalifiseringsstøtte frå NFR. 

Innovasjonen skal løyse problemet med lading under røffe og urolege tilhøve, der ladekablar og dagens løysingar med trådlaus lading ikkje er effektive. Teknologien bidreg til grøn omstilling gjennom elektrifisering av fritidsbåtar og reduserer utslepp. 

USN har også fått fem millionar kroner i støtte til prosjektet Bioelectrochemical Reactor for Biogas Upgrading with Methane Production from CO2. Prosjektleiar er professor Carlos Dinamarca fra Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi i Porsgrunn.


DAM-utviklingsprosjekt
To prosjekt ved USN har mottatt 1,5 millionar kroner kvar frå Stiftinga Dam. 

  • Pillerogmat. Ein app som er tilpassa dei over 65 år som gir betre informasjon om kva som er trygt å ete når ein går på medisinar, slik at ein unngår unødvendige biverknadar. (Mesay Moges Menebo)
  • 2Cosy. Ein app for samhald som viser arrangement i nærområdet. Brukarane kan opprette aktivitetar for å delta eller gjere andre aktivitetar saman (Maaike Dooper)

Den førstnemnde har også tidlegare motteke 0,5 millionar kroner i kommersialiseringsstøtte (kvalifisering) frå Forskingsrådet.  


I tillegg er det to generelle utviklingsprosjekt: 

  • ‘Økosystemprosjektet’ finansiert av Innovasjon Norge for å jobbe med idéfinansiering
  • Tidlegfasemidlar for å jobbe med aktivitetar innanfor teknologioverføring (finansieringsordninga frå Forskingsrådet).