Alle fire har høge ambisjonar i idrettane sine.
– No kan eg satse på fotballen, samstundes som eg er trygg på at eg kan studere ved sidan av og få ei utdanning, seier Stian Holte (22) frå Ålesund.
Han tek bachelor i økonomi og leiing ved USN.
Moglegheita til å kombinere idrett og studium var ein viktig grunn til at han valde overgang frå Aalesunds FK til Hønefoss Ballklubb og studium på USN.
– Det er også litt frigjerande å ha noko anna å bruke hovudet på enn berre prestasjon på fotballbana.
– Gjer det mogleg å satse seriøst
Ringeriksstipendet starta opp studieåret 2019/2020. Det gjer det mogleg å satse seriøst både på studium og idrett i Ringeriksregionen. Studentane får økonomisk støtte frå SpareBank 1 Ringerike Hadeland og SpareBank 1-stiftinga Ringerike.
Støtta er avhengig av progresjon i studia. USN har også eit samarbeid med klubbane, slik at treningar og andre aktivitetar vert tilpassa til studiesituasjonen.
Thomas Bækken (25) frå Kongsberg pleidde å jobbe deltid ved sidan av å spele ishockey i Ringerike Panthers. Det var ein fysisk jobb, og det blei krevjande å få tid til restitusjon.
– No jobbar eg ikkje lenger og kan fokusere på studium og hockey. Eg merkar stor forskjell. Eg presterer betre på bana, og får den kvila eg treng, seier Thomas. Han tek også bachelor i økonomi og leiing.
Han ser føre seg å ta ein mastergrad, men først er målet klart: fullføre bacheloren og bidra til at klubben når måla sine.
Nysgjerrig på Ringeriksstipendet? Les meir om det her

– Eit lett val
Espen Herstad (20) frå Hønefoss er triatlon-utøvar med eit høgt ambisjonsnivå: Målet er å komme seg til OL. Då kjem Ringeriksstipendet godt med.
– Eg synest det er veldig positivt at næringslivet bidreg. Eg trener 20 timar i veka, og det er mange utgifter i forbindelse med idretten. Det hadde vore vanskeleg for meg å jobbe samstundes som å studere og trene på eit høgt nivå, fortel Herstad, som nyleg har motteke toppidrettsstatus frå Olympiatoppen.
Ane Jørgensen (19) frå Asker speler fotball på Hønefoss BK og tek forretningsjus og økonomi på første året. Ambisjonen er å kunne etablere seg i Toppserien og så kunne ta steget vidare ut til utlandet.
– Eg hadde eigentleg tenkt å studere i Oslo, men med ordninga med Ringeriksstipendet, og med tanke på at eg hadde høyrt mykje positivt om USN, så var det eit lett val. Av dei som er pendlarar på laget er det fleire som er imponert over ordninga, seier ho.
Godt teken imot
Alle bur i området, men med ulike løysingar: Ane og Stian har flytta til Hønefoss – ho bur i kollektiv, han på hybel. Thomas bur på ein gard hos ein sponsor i Ringeriksområdet, medan Espen er lokal og bur heime hos familien.
Dei fire studentane trivst godt med kombinasjonen av studium og idrett, og opplever at både klubb og studiestad legg godt til rette. Sjølv om kvardagen er travel og gir avgrensa med tid til det sosiale, har fleire fått nye venar, og dei har eit godt inntrykk av campus og studentmiljøet.
– Ein vert veldig godt teken imot her, og eg merkar at det er veldig lokalt og at alle bidreg. Eg har eit veldig positivt inntrykk av byen og menneska her, fortel Jørgensen.
Holte er einig.
– Eg trivst veldig godt i Hønefoss, og det er veldig mange hyggelege og hardtarbeidande folk her. Eg har verkeleg merka at det er mange som er gira på å ta i eit tak, anten det er frivillige på laget eller folk på universitetet, seier han.
– Eg synest også at studentorganisasjonane verkar veldig sterke. Eg har blitt medlem i Econa sjølv, legg han til.

Ringverknadar som varer
Steinar Aasnæss er førstelektor ved Institutt for økonomi, marknadsføring og jus og samfunnskontakt ved USN Handelshøgskulen på campus Hønefoss. Han peikar på kor viktig det er for dei å skape eit levande studiemiljø, og trekkjer fram årets stipendiatar som gode førebilete.
– Vi er stolte av dykk som toppidrettsutøvarar. Det er viktig for oss å utvikle eit miljø der ein ikkje berre kjem med Oslobussen og dreg igjen, men blir verande, knyter nettverk og deltek i studentmiljøet. Når de er i miljøet, så er det klart at det er sånt som blir lagt merke til, seier han.
Ståle Hjerpseth, marknadssjef i SpareBank 1 Ringerike Hadeland, seier at årets stipendiatar representerer det banken ønskjer å fremje: ambisjon, dedikasjon og lokal tilknyting.
– Når unge menneske får moglegheita til å kombinere toppidrett med høgare utdanning, skaper vi ringverknadar som varer. Det styrker rekrutteringa til lokale bedrifter, bygger nettverk mellom utdanning, idrett og næringsliv, og gir engasjement og tilhøyrsle i lokalsamfunnet, fortel han.
– Vi trur på å bygge framtida lokalt. Stipendiatane kombinerer toppidrett med studium på ein imponerande måte, og viser at det er mogleg å satse seriøst på begge delar, seier Hjerpseth.
Stipendmottakarar i år:
- Thomas Bækken - Ringerike Panthers (fekk også i fjor)
- Herman Helgesen - Ringerike Panthers
- Iver Wick Karlsen - Ringerike Panthers
- Stian Aarønes Holte – Hønefoss BK, herrer
- Sander Ringberg – Hønefoss BK, herrer (fekk også i fjor)
- Ane Jørgensen – Hønefoss BK, kvinner
- Espen Herstad – Ringerike Sykkelklubb triatlon
