Kvart femte år blir alle FN-land og deira oppfølging av menneskerettane debattert i FNs menneskerettsråd (HRC). Som ein del av dette gjennomfører HRC politiske landshøyringar, såkalla Universal periodic reviews (UPR), som inneber å vurdere menneskerettsregisteret i landa og adressere menneskerettsbrot. Førre gong Noreg vart granska i UPR var i 2019.
Padova Model UPR er ei årleg akademisk simulering av desse FN-landshøyringane, og det heile går føre seg på Universitetet i Padova i Italia.
Rollespel
For å bli nominerte må studentane gjennom ein omfattande søknadsprosess. Dei som blir valde ut får tildelt ein stat, ein ikkje-statleg internasjonal organisasjon (INGO) eller ein nasjonal institusjon for menneskerettar (NHRI) som dei skal representere.
På denne måten får deltakarane ei grundig forståing av mekanismane og dynamikken i UPR-prosedyren.
Under simuleringa blir deltakarane tildelte ulike roller, mellom anna å tene som representantar for statar som er under gransking, vurderande statar og for sivilsamfunnsorganisasjonar.
Tre prisar til USN-studentar
Over 18 lag frå heile verda deltok i årets Padova Model UPR, som gjekk føre seg 22. til 25. november.
Seks førsteårsstudentar frå USNs mastergradsprogram i menneskerettar og fleirkulturalitet tok del i simuleringa og vann til saman tre prisar.
Dei to gjevaste prisane gjekk til Cherine Randi Sellami og Malak bein Achour, som representerte INGO-en «International World Group for Indigenous Affairs (IWGIA)» og for dét vann kvar sin pris for «the Best INGO Delegation Award».
Medstudentane deira, Marianthi Antoniou og Patrick Smith, deltok i rollane som representantar fra INGO-en «Global Initiative to End All Corporal Punishment of Children», og vart stemt fram av dei andre deltakerane, slik at dei vann prisen for «Best Performing Team according to the Participants».
I tillegg deltok medstudentane Emily Jayne Benson-Kallman og Runze Wang, og dei fungerte som delegasjon for den nasjonale menneskerettighetsinstitusjonen i Frankrike.
– Profesjonelt
– Arbeidet med Padova-modellen gav oss eit unikt høve til å lære om menneskerettar, demokrati og diplomati på ein interaktiv og engasjerande måte, fortel Cherine.
Under simuleringa gjekk studentane gjennom og analyserte menneskerettsprestasjonane til dei utvalde statane, dei deltok i den interaktive debatten og var med og vedtok dei endelege listene over aksepterte og noterte tilrådingar.
Studentane fekk profesjonell rettleiing frå professorar ved Universitetet i Padova og Padovas menneskerettssenter undervegs.
– Mellom anna fekk vi hjelp og støtte gjennom heile arrangementet, inkludert i arbeidet vårt med innlevering av rapportar, lobbying, internasjonale relasjonar og andre diplomatiske oppgåver, fortel Cherine, som tilrår fleire USN-studentar å melde seg til neste års konkurranse.
USN-arar i sekretariatet
Dette er ikke første gang studenter fra USN leverer på framifrå vis under Padova Model UPR.
Piyumani Ranasinghe og Kalpani Dambagolla, som begge er andreårsstudentar på masterstudiet i menneskerettar og fleirkulturalitet, deltok i fjorårets konkurranse, der dei hamna blant dei øvste rangeringane i INGO-kategorien.
Dei vart berømma for innsatsen gjennom å få plass i Padova Model UPR-sekretariet og bidro slik sett til å organisere heile hendinga, saman med eit internasjonalt lag av studentar og tidlegare FN-delegatar.
Ved sidan av dette, fungerte Piyumani og Kalpani óg som trenarar for delegasjonene som representerte internasjonale ikkje-statlege organisasjonar.
Kåringa av vinnarar vart gjennomført av UPR-sekretariatet, som bestod av:
- Paolo de Stefani (Head Orgeanizer SPGI Department)
- Marco Mascia (Human Right Center DIrector)
- Gianni Magazzeni (UPR Branch Cheif, OHCHR)