Det er ikkje berre mellom studentar, lærarar og forskarar at EDUC-alliansen fremjar intereuropeisk utveksling. Målet er òg å støtte og fremje teknisk/administrativt tilsette ved våre åtte universitet.
EDUC handlar om samarbeid og læring frå kvarandre på alle område. Difor tilbyr vi òg nye høve for teknisk/administrativt tilsette. Med EDUC kan du finne mønsterpraksis innafor alliansen, dele det du veit du gjer godt, og finne nye måtar vi kan møte utfordringane i vår tid saman på.
EDUC Alliance – Learn and share together
Lang mobilitet: EDUC Staff Secondment Programme
Gjennom utplasseringsordninga EDUC Staff Secondment Programme har teknisk-administrativt tilsette høve til å arbeide ved eit anna EDUC-universitet i to til seks månader. Her får både vertsuniversitetet og den besøkjande tilsette eit godt utgangspunkt for gjensidig læring, deling av erfaringar og framtidig samarbeid.
Fristen for søkje i 2025 er no ute. Ta kontakt med educ@usn.no viss du vil melde interesse i å delta i netse runde.
Lær språk: EDUC Staff Language Programme + digitale språkkurs
Gjennom EDUC Staff Language Programme kan du forbetre dine dugleiker innan framandspråk, anten det er engelsk eller eit anna språk frå alliansen (fransk, italiensk, ungarsk, tysk, spansk, tsjekkisk og norsk).
Fullført kurs gjev EDUC-kompetansebevis som dokumentasjon.
Staff Language Programme består av tre komponentar:
- Introduksjonssesjon: To timar digital introduksjonssesjon om programmet og interkulturell kommunikasjon (obligatorisk)
- E-tandem-program: Tolv møter (obligatoriske) med ein tilsett frå eit universitet i EDUC-alliansen for å øve på eit språk du vel
- Digitalt sjølvstudium: 30-timar langt (valfritt) kurs på engelsk for deltakarar som ønskjer ei fordjuping i interkulturell kommunikasjon.
Les meir om Staff Language Programme (educalliance.eu)
Mentor- og mentee-ordning: EDUC Mentor Programme
EDUCs mentor- og mentee-ordning samanfører to tilsette – ein mentor og ein lærling (engelsk: mentee) som arbeider innan same fagfelt ved to ulike EDUC-universitet. Målet er å fremje fagleg utvikling og karrierevekst, samtidig som ein byggjer ein inkluderande europeisk kultur og utvidar nettverk.
Søknadsfristen for å delta i 2025 er gått ut. Ta kontakt med educ@usn.no viss du vil melde interesse i å delta i neste runde.
Kort mobilitet: EDUC Staff Weeks
EDUC arrangerer jamnleg tematiske Staff Weeks berekna på ulike grupper av teknisk-administrativt tilsette, på tvers av dei åtte universiteta. Målsetjinga er å skape nettverk på tvers av universiteta og lære av kvarandre.
Oversikt over kommande Staff Weeks: EDUC Alliance (educalliance.eu)
Dette inneber fysisk mobilitet til partnarane og blir støtta gjennom Erasmus+ sitt stipend for tilsettmobilitet.
Det har vore stor interesse for ansatt- og studentmobilitet innan Erasmus+ i senare tid, og vi må dessverre informere om at vi har brukt opp alle Erasmus-midla våre for våren 2025.
- Om du skal delta på ein EDUC Staff Week vårsemesteret 2025, må du søkje stipend frå EDUC. Les meir om dette på USNs intranett: Søk stipend for å dra på EDUC Staff Week (min.usn.no)
Samarbeid på tvers: EDUC Interoffice Cooperation)
Nokre administrative einingar er valt ut til å samarbeide tettare på tvers av EDUC-universiteta for å utarbeide felles praksis på fleire område.
Dette gjeld internasjonale kontor, bibliotekene, språksenter (Institutt for språk og litteratur på USN), studentsørvis og bærekraftsenter (Senter for bærekraftig omstilling på USN).